Eivind Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Nielsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1864
Haugesund kommune
Død

13. juli 1939 (75 år)
Oslo

Yrke illustratør, kunstmålar, kunstnar, teiknar
Eivind Nielsen på Commons

Eivind Nielsen (18. juni 186413. juli 1939) var ein norsk målar og illustratør frå Haugesund som i 1888 gav ut den fyrste norske eigentlege biletboka for born, Norsk Billedbog for Børn. Han var ein mykje nytta illustratør av barnebøker og hans finstemte og gjennomarbeidde illustrasjonar sette ein høg standard i norsk barnebokillustrasjon. Frå 1890 til 1934 underviste han på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Utdanning og undervisning[endre | endre wikiteksten]

Nielsen var son til Haugesunds fyrste byfut. Femten år gammal byrja han i 1880 på målarskulen til Knud Bergslien i Kristiania, samstundes gjekk han i lære hos Hans Heyerdahl. Same hausten fylgde han Fredrik Kolstø til München, der Nielsen i åra fram til 1883 var elev ved kunstakademiet i byen under Alexander Strähuber, Julius von Benczur og Ludwig von Löfftz. I München arbeidde han mest med historiemåleri. Både i 1883 og -84 heldt han separatutstilling, der dei fleste motiva var henta frå heimbyen.

Frå 1885 til -88 var Nielsen elev ved Den kgl. Tegneskole (Statens Håndverks- og kunstindustriskole) i Kristiania under rettleiing frå Christen Brun og Mathias Skeibrok. Sidan 1890 var Nielsen tilsett ved skulen fram til 1934, lengst som lærar i frihandsklassa og frå 1912 som overlærar.

Illustratør[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon frå Norsk Billedbog for Børn

I 1888 møtte Nielsen den mangslungne matematikaren Elling Holst som over lengre tid hadde samla rim, regler og songleikar for born. I nært samarbeid med Holst illustrerte han reglene frå folkemunn og nokre få kunstdikt på eit vis som sette spor i generasjonar av norske born. Etter mønster i tysk eventyrillustrasjon fletta han ofte ulike motiv saman i eitt bilete til ei heil forteljing, slik at illustrasjonane fungerer både som visualisering av innhaldet og som bruksrettleiing for barnerim som til dømes «Sko Blakken». Hovudmotiva er naturalistiske, ramma inne av eit ornamentalt flettverk, ofte i form av trerøter eller liknande organiske former. Norsk Billedbog for Börn frå 1888 vart omgåande ein suksess og har sidan kome i ei rekke utgåver, sist i 1998. To nye biletbøker, Ny Samling og Tredie Samling, kom ut i høvesvis 1890 og 1903. Saman med Holst gav Nielsen i 1892 også ut jubileumsutgåva av Henrik Wergelands Vinterblommer i barnekammeret, illustrasjonane i boka er mellom Nielsens finaste teikningar.

Nielsen illustrerte bøker og bokverk gjennom det meste av livet, 38 i talet. 34 av desse var for born, fem av dei med hans eigne tekster, så som Billeder og rim for Børn (1896) og Kråker og Trollkjerringer. Billedbok for Veslemor og Veslebror frå 1925. Elles leverte han teikningar til moroblada Tyrihans og Vikingen og barneblada Illustrert Tidende for Børn, Norsk Barneblad og Magne.

Som illustratør var Nielsen påverka av Erik Werenskiold sin teiknestil, seinare også av Snorre-teikningane til Gerhard Munthe. Nielsen heldt fast ved si uttrykksform, men motivkrinsen endra seg frå idylliske, kvardagslege skildringar til meir fabulerande motiv. Til nokre eventyr laga han ganske groteske framstillingar av hekser og trollpakk. Illustrasjonskunsten hans høyrde etterkvart til ein avslutta epoke og fekk ingen etterfylgjarar.

Målar[endre | endre wikiteksten]

Nielsen var den yngste av den såkalla München-generasjonen av norske målarar og bar vidare tradisjonen frå historiemåleriet. Påverka av nyromantikken i 1890-åra framstilte han scener frå norrøn mytologi og sagaer like gjerne som symbolske og allegoriske motiv. I 1899 vann Nielsen tevlinga om å dekorere taket i den store salongen i Nationaltheatret. Her måla han ei allegorisk framstilling av Apollon som vert hylla av sanninga, eit arbeid som vart møtt med åtgaum. Til konkurransen om utsmykkinga av Universitetets aula måla han eit bilete av Gudene under Yggdrasil-asken, i dag på Strandhotellet i Gjøvik.

Nielsen måla elles både sjangerbilete, figurkomposisjonar, landskap og interiør. Han deltok på Høstutstillingen så å seie årleg frå 1893 til 1912. Elles var han representert på ei nordisk utstilling i København i 1898 og Verdutstillinga i Paris i 1900. Det første tiåret på 1900-talet hadde han ei rekke separatutstillingar. Brevet frå 1896 er kanskje Nielsen sitt mest kjende oljemåleri.

I 1914 måla Nielsen altertavla i Veum kyrkje i Fyresdal, tidlegare hadde han måla ei til Nordlien kyrkje i Østre Toten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]