Eivind Osnes
| Eivind Osnes | |||
| Fødd | 11. mai 1938 | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | professor | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Academia Europaea | ||
Eivind Osnes (fødd 11. mai 1938) er ein norsk fysikar. Osnes er professor i kjernefysikk og var instituttleiar ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo fram til år 2009.
Osnes er dr. philos. frå UiO i 1966, og disputerte med avhandlinga «Shell model calculations in calcium isotopes». Etter å ha vore postdoc ved blant anna Nordisk Institut for Teoretisk Atomfysik i UiO og State University of New York vart Osnes dosent ved Universitetet i Oslo i 1977, før han vart professor i 1985. Osnes har gjeve viktige bidrag innanfor teoretisk kjernefysikk, særleg til forståinga av strukturen til atomkjernen.
Osnes var formann i Det norske lutherske Indremisjonsselskap i perioden 1992-2000. Han var leiar for leiar for Teknologirådet frå 1999 til 2007, president i Norsk Fysisk Selskap frå 1979 til 1990, og har òg sete i styret i Det Norske Videnskaps-Akademi og i ei lang rekkje andre andre styre og utval. I 2001 var han kandidat i rektorvalet ved UiO.
I 2008 fekk Osnes Kongens fortenestmedalje i gull.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eivind Osnes» frå Wikipedia på bokmål, den 19. august 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eivind Osnes i Sikt (BIBSYS)
- (no) Publikasjonar av Eivind Osnes i forskningsdokumentasjonssystemet Nasjonalt vitenarkiv (NVA)
- Osnes sine nettsider ved UiO Arkivert 2005-08-10 ved Wayback Machine.
- Portrett i Forskning Arkivert 2008-06-20 ved Wayback Machine.
- Kongens gull til Eivind Osnes, Fylkesmann Hans J. Røsjordes tale til Osnes 4. september 2008