Hopp til innhald

Eivind Petershagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Petershagen
Fødd19. mars 1888
Død30. juli 1965 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, redaktør
Alle verv
  • stortingsrepresentant (19251927)
  • vararepresentant til Stortinget (19281930)
  • vararepresentant til Stortinget (19451949) Sjå dette på Wikidata

Eivind Petershagen (19. mars 188830. juli 1965) var ein norsk småbrukar og politikar frå Trysil. Han representerte Norges Kommunistiske Parti i stortinget 1925-27.

Petershagen tok til som gjetar då han var 10 år gammal. Etter han var konfirmert arbeidde han som skogs- og anleggsarbeidar til han gifte seg i 1916. Han busette seg i Åmot kommune, der kona var frå, og kjøpte i 1924 eit småbruk på Snarud.

Petershagen melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1916. Etter partiet vart kløyvt i 1923, vart han medlem i nyskipa Norges Kommunistiske Parti. Frå 1920 var Petershagen medlem av kommunestyret i Åmot, ordførar 1923-25 og 1945-47. I til saman 28 år hadde han sete i kommunestyret. Elles hadde han ei mengd kommunale verv, såleis jordstyreformann i 13 år og i fleire år skulestyreformann. Ved stortingsvalet 21. oktober 1924 kom han inn på Stortinget som fjerderepresentant frå valkrinsen Hedmark. På Tinget var han medlem i Vegkomiteen. Stortingsperiodane 1928–30 og 1945–49 var han varamann til stortinget. Petershagen var redaktør av Norges Kommunistblad ein kort periode i 1928. Deretter redigerte han avisa Arbeideren i 1928-29.