Eivind Volder Rutle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eivind Volder Rutle (fødd 20. januar 1979) er ein norsk politikar frå Ålesund. Han var leiar for Raud Ungdom frå 2000 til 2002. Han stod i spissen då Raud Ungdom hausten 2001 la skulebøker for vidaregåande gratis ut på internett. Aksjonen enda med dom i Høgsterett i 2004, og Raud Ungdom vart dømd til foretaksstraff.

Rutle er i dag tilsett som prosjektleiar i Foreningen !les, og er ein av drivkreftene bak kulturgruppa Opplysningskontoret, der han mellom anna er ein av forfattarane bak ML - en marxist-leninistisk popmusikal og Sannheten om 2005 (og resten!). Rutle har tidlegare jobba i TV-Sunnmøre, Radio RV og ungdomsmagasinet Rebell, og har skrive og produsert ei rekkje kortfilmar, mellom anna Krig er fred, som vart vist på Kortfilmfestivalen i Grimstad i 2004.