Ejer Bavnehøj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ejer Bavnehøj
høgd
Ejer Bavnehøj sett frå motorvegen, 2004
Land  Danmark
Område Skanderborg kommune
Høgd 170,35 moh.
Kart
Ejer Bavnehøj
55°58′37″N 9°49′50″E / 55.977033°N 9.83065°E / 55.977033; 9.83065
Wikimedia Commons: Ejer Bavnehøj
Genforeningstårnet på Ejer Bavnehøj

Ejer Bavnehøj (også skrive Ejer Baunehøj) er den tredje høgaste ikkje menneskeskapte høgda i Danmark, 170,35 meter over havoverflata.

I nærleiken av Ejer Bavnehøj ligg eit anna høgt punkt, Yding Skovhøj, som har ei høgde på 172,66 meter over havet, medrekna ei menneskebygd gravrøys frå bronsealderen. Utan gravrøysa er Yding Skovhøj ei aning lågare enn det høgaste ikkje-menneskeskapte punktet i Danmark, Møllehøj med 170,86 meter, som er 51 cm høgare enn Ejer Bavnehøj.

Ejer Bavnehøj ligg i den sørlege delen av Skanderborg kommune i Region Midtjylland, mellom tettstadane Riis og Ejer.

Dette er den mest kjende baunehaugen (tilsvarande norsk varde), der det vart tent signalbål, for å åtvara folk og soldatar om at fienden var på veg.

I 1920 vart det reist ein såkalla 'Genforeningssten' på toppen til minne om den hendinga som på dansk vert kalla Genforeningen: Sønderjyllands (Nordslesvigs) overgang frå tysk til dansk herredøme i 1920. Eit tårn vart bygd på toppen i 1924 med et same føremålet, og har denne inskripsjonen: «Rejst af det danske folk» og «Nordslesvig genforenet med moderlandet i 1920».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]