Ekaterini Thanou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekaterini Thanou
Statsborgarskap Hellas
Fødd 1. februar 1975 (49 år)
Aten
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Ekaterini Thanou[a] (fødd 1. februar 1975) er ein gresk tidlegare sprintar som vart europameister på 100 meter i 2002, og vann OL-sølv i 2000 og VM-sølv i 2001 på same distansen. I alt stod ho att med fem medaljar frå dei store internasjonale meisterskapane då karrieren tok ein brå slutt. Kring opninga av Sommar-OL 2004 i Aten vekte det mykje merksemd at ho og landsmannen Konstantinos Kenteris prøvde å lure seg unna ein dopingtest, begge vart deretter utestengde frå leikane.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Både i VM 1995 og 1997 var Thanou svært nær ved å kvalifisere seg til finalen på 100 meter. Ho fekk sitt gjennombrot i 1998-sesongen med bronsemedalje på spesialdistansen i EM, på ny gresk rekord på 10,87 sekundar. Året ettergjekk det endå fortare då ho vann ein ny bronse i verdsmeisterskapen i Sevilla.

I dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000 vann Thanou sølvmedaljen på 100-metere, einast Marion Jones kom i mål før henne. Etter at Jones i 2007 vedgjekk å ha brukt dopingmidlar under leikane mista ho gullmedaljen. Thanou fekk likevel ikkje rykke opp på olympiameisterplassen, som vart ståande tom.

Også i friidretts-VM 2001 vart Thanou nummer to på 100 m, ved det høve var det ukrainske Zjanna Pintusevytsj som kom i mål før henne. Derimot kom Thanou fyrst i mål og vann gullmedaljen på 100 meter under EM 2002 i München.

Thanou enda på fjerdeplass på yndlingsdistansen då VM 2003 vart avvikla i franske Saint-Denis. Ho var også i fremste favorittsjiktet på 100 m før Sommar-OL 2004 på gresk heimebane, då ho vikla seg inn i ei hårreisande historie om ei motorsykkelulukke straks før OL-elden skulle tennast.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Thanou vart utestengd i to år etter at ho ikkje stilte på ein dopingtest framom OL i Aten i 2004. Ho kom ikkje tilbake på friidrettsbanen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gresk skrift Αικατερίνη Θάνου

Kjelder[endre | endre wikiteksten]