Ekebergskråninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekebergskråninga
område
Land  Noreg
Kart
Ekebergskråninga
59°53′53″N 10°45′26″E / 59.89794444°N 10.75727778°E / 59.89794444; 10.75727778
Mesteparten av Ekebergskråninga er skogkledd, og skogen går òg under namnet Byskauen eller Ekebergskogen. Skogen vert avgrensa av Ballsletta, Ekebergsletta og Kongsveien. Mot Ekebergsletta finst eit gravfelt frå jernalderen og andre fortidsminne. Lenger nede ligg eit helleristningsfelt frå steinalderen. Bygninga på fotografiet er Ekebergrestauranten.

Ekebergskråninga er eit naturområde på cirka 800 dekar (mål) knytt til Oslo indre by. Skråninga ligg dels i bydel Gamle Oslo, dels i bydel Nordstrand og utgjer den solfylte vesthellinga av Ekeberg, som skrånar ned mot Oslofjorden og Bjørvika.[1] Dei største delane av skråninga er skogkledde, og ligg i nærleiken av Oslo sentrum. Nedre del av skogen, altså omtrent det området som ligg innanføre bygrensa av 1878, vert kalla Byskauen. Andre nemningar er «Byens grøne byvegg» og «Oslos riviera». Byskauen eller Byskogen, som han òg vert kalla, er ein del av Ekebergskogen.

Skråninga er eit viktig tur- og rekreasjonsområde for innbyggjarane i indre by aust og bydel Nordstrand. Her er òg osloområdets eldste registrerte kulturminne. Eit samanfall av særeigne topografiske, geologiske og klimatiske tilhøve utgjer grunnlaget for eit stort biologisk mangfald, og eit rikt dyreliv. Fredag 27. juni 2008 vart 387 dekar av dei meir utilgjengelege og brattkupperte delane av Ekebergskråninga vedtekne verna av Kongen i statsråd som Ekebergskråninga naturreservat. Mesteparten av reservatet ligg nedanføre Kongsveien, men noko av det ligg òg austom Ekebergbanen, mellom stoppestadane Ekebergplassen og Jomfrubråten.[2]

Historikk og kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Mange av fortidsminna i Ekebergskråninga er såkalla oldtidsminne. Dei eldste skal ifølgje Riksantikvaren vera rundt 10 400 år gamle. Det mest kjende er eit helleristningsfelt frå steinalderen. Dei tidlegaste busetjingsplassane i Oslo er knytte til Ekebergskråninga og Ekebergplatået. Området er òg elles omtalt i sagalitteraturen og i andre Mellomalderskrifter.

Forhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Ekeberg er eit av Oslos eldste busetjingsområde. Ekebergskråninga kan skilte med den største mengda av steinalderlokalitetar i heile Oslo og dei eldste av desse er daterte til rundt 8400 før Kristus – 2000 år yngre enn dei eldste steinalderlokalitetane ein kjenner til i Noreg som heilskap.

Like søraust for Sjømannsskolen, ligg hovudstaden sitt einaste veidesristningsfelt. Den gongen då desse helleristningane vart gjorde for 5-6000 år sidan, stod havet rundt 50 meter høgare enn i dag.

Frå bronsealderen og den påfølgjande jernalderen finst det ei rekkje fortidsminne på sletta og i skråninga mot fjorden som framleis er vortne varetekne: blant anna er det registrert ca. 230 skålgroper og ca. 60 gravhaugar som i dag er freda. Det er òg avdekt hustufter på rundt 3000 år i tilknyting til hovedbølet på Ekeberg gard i det nordvestre hjørnet av Ekebergplatået.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen tilhøyrde Ekebergskråninga etter alt å dømme Middelalderbyen Oslos takmarker – eit område utlagt til allmenning for folkesetnaden i byen, der kyra kunne beite og byborgarane sanka ved og mose til hushalda sine, jamfør takmarkene i Oslo slik dei vart skildra i pergamentshandskriftene frå mellomalderen, med referanse til Magnus Lagabøtes bylov frå 1270-talet. Delelinja mellom takmarkene i Oslo og gardane lenger aust ser ut til å ha strekt seg frå området ved Lodalsbruene, oppover nordskrenten av Ekeberg (Ekebergskrenten) og ned vestskråninga (Ekebergskråninga) til Bunnefjorden ved «vagen»/«Threllaborghar». Ifølgje mellomalderhistorikar Tore Vigerust viser «vagen» til utløpet av Alnaelva i Bunnefjorden, medan «Threllaborghar» låg like ved Alnautløpet.[3]

Etterreformatorisk tid[endre | endre wikiteksten]

I den øvre delen av skråninga ligg ei svakt hellande vestvend slette der ein har gått ut i frå at den blodige kampen der svenskane slo nordmennene/danskane i 1567 spelte seg ut – som ein del av den nordiske sjuårskrigen. Sletta går under namnet Svenskesletta (også kalla hundesletta) på folkemunne. Om kampen verkeleg stod på Svenskesletta, er ein usikker på.

På 1600-talet ser Ekebergskråninga ut til å kome innunder den garden som vert omtalt i kjeldene som Søndre Munkehagen. Ved ca. år 1700 vart Christian Stockflet eigar av Braattum (Braatten). Grensa mellom Munkebråten Søndre og Braatten var ein grensebekk som er der Ekebergrestauranten står i dag. Ved Christian Stockflets død i 1704 arvar enka hans dette. Seinare er det borna som vart oppnemnde som eigarar. Ved Matrikkel utkast i 1723 vert Jomfrubraaten nemnd. Kven jomfrua var, går ein ut frå er Isabella Stockfleth som var eigar fram til 1729. Konghamn og Sjursøya følgde Jomfrubråten. Sjursøya vart utskild frå Jomfrubråten i 1741, medan Kongshamn vart utskild i 1747, men seinare lagd til igjen. Svenskestova, husmannsplass med namn etter den tidlegare nemnde Svenskesletta, dukkar opp i kjeldene frå 1881 som ein plass under Jomfrubråten.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

I 1889 vart markene til jomfrubråten kjøpte opp av Kristiania kommune av dødsboet til konsul Lorenz Meyer, for å sikre Ekebergskråninga som friluftsområde for folkesetnaden, og som ein grøn profil mot byen og fjorden. Kjøpet av det 800 dekar store området vart gjort av formannskapet med 8 mot 6 røyster, for å få eit område «...hvori byens befolkning kan søge hen for at nyde frisk luft og Adspredelse i ein smuk Naur.». I grunngjevinga for kjøpet vart det òg nemnt at ein vil hindra at «... Skogen bliv ganske uthugget og bedækket med en uskjønn Bebyggelse.» Heile ekebergskråninga har gardsnummer 152 (Jomfrubråten).

I 1917 vart Sjømannsskolen bygd, Ekebergskråningas (og heile Ekebergåsens) audsynte landemerke. Same år opna Ekebergbanen med sporvegsrute frå Kristiania, gjennom Grønland, tvers gjennom det opphavlege Oslo (dagens Gamlebyen), forbi Gamlebyen kyrkje og Oslo hospital, og derfrå på skrå opp langs Ekebergskråninga og fram til Sæter som ligg godt innpå det langstrakte Ekeberg-/Nordstandsplatået.

I åra 1927-1929 vart Ekebergrestauranten bygd. Restauranten er i dag Noregs eldste eksisterande funkisbygg, og ved sida av Ingierstrand bad landets mest typiske funksjonalistiske bygg.

I 1940-45 vart Hundesletta og området ovanføre – den såkalte Ridesletta – tysk gravlund, derav namnet Tyskarkyrkjegarden. Trappa mellom dei to slettene er intakt. Her vart det utøvt seremonielle handlingar i samband med gravlegging av tyskarar. Då tyskargrava (litt under 3000 lik) vart flytt til Alfaset i 1952, vart slettene ovanføre og nedanføre tyskartrappene frigjorde til rekreasjon. Den nedre sletta, Hundesletta, vart teken i bruk av hundeeigarar. På denne sletta er det ikkje bandtvang, og hundane kan springe fritt omkring, derav namnet Hundesletta. Den øvre sletta vart teken i bruk som ei rideslette, for rideskulen på Ekeberg oppretta 1964. Her vert det jamleg halde turneringar.

Arbeid for vern[endre | endre wikiteksten]

Eitt av dei 37 områda som nå er verna er Ekebergskråninga, der ein finn ein av Noregs aller mest verdifulle lokalitetar for sørøstleg varmekjær kratt- og bergflatevegetasjon. 78 ulike artar av buskar og tre lever her. Fleire av artane er sjeldne og truga. Verneområdet inneheld òg eit spennande helleristningsfelt. I Ekebergskråninga ligg dessutan bergartar med ein aldersforskjell på imponerande ein milliard år i direkte kontakt med kvarandre!

Sidan byrjinga av 1990-talet har det pågått eit målretta arbeid for å gje Ekebergs rike natur- og kulturområde eit strengare vern. Sentrale aktørar i dette arbeidet har vore Ekebergutvalget og i seinare år Eikabergtinget og Bekkelagshøgda lokalhistoriske samskipnad (BLF). Personar som har vore med på å løfta opp medvitet om Ekeberg er blant anna geologen Elen Roaldset, høgrepolitikar Reidar Rasch, lokalhistorikar Dag Jarnøy, sivilarkitekt Jens Treider, biolog Jan Wesenberg og lokalhistorikar Gunnar Pedersen.

At delar av Ekebergskråninga 27. juni 2008 vart verna til naturreservat – strengaste kategori for områdevern etter naturvernloven – vert sett på som eit viktig skritt for vern av Ekebergområdet.

Naturvernsforbundet med fleire, går inn for at den delen av Ekebergskråninga som grensar til reservatet vert «omsynssone», det vert spesielt sikta til det foreslegne planområdet for Ekeberg skulptur- og kulturminnepark (255 dekar).[4][5]

Ekebergparken og Kongshamn[endre | endre wikiteksten]

I 2011 vart eit forslag til reguleringsplan for Ekeberg skulptur- og kulturminnepark tilrått av byrådet i Oslo og seinare same år vedteke av Oslo bystyre. Forslaget er utarbeidt av Oslo kommune og C. Ludens Ringnes Stiftelse, der sistnemnde òg har finansiert utkastet. I september 2013 vart parken opna med namnet Ekebergparken.

Kongshamn ved foten av skråninga, ser ut til å gå tapt trass pågåande innsats for å auka medvitet om detta særprega natur- og kulturområdet av hovudstaden. Den gamle Konghamna, i sagalitteraturen nemnd som Eikabergstøa, vert sannsynlegvis ofra i samband med bygging av vegar knytte til ny kontainerhamn som ein del av utviklinga av Fjordbyen. I såg fall vil Ekebergområdets «Einerhaugbusetnad» som skriv seg frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet, verta ei saga blott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Markussen, J. (redaktør). 1999. Naturfaglige registreringar i Oslo og Akershus. 1993 – 97. Verneplan for Oslofjorden. Rapport nr. 2
  • Often og Wesenberg. 2004. Botaniske undersøkingar og verdivurdering av plantelivet i nedre del av Ekebergskråningen. NINA notat.
  • Wesenberg, J., Often, A. og Stabbetorp, O. 1990. Oslos riviera. Ekebergskråninga. Norsk Botanisk Samskipnad, Østlandsavdelingen.
  • Oslo Byleksikon, 4. utgåve, 2000
  • Dag, Jarnøy: Lokalhistorie ved Ekebergskråningen, 2014
  • Dag Jarnøy: Ekeberg hovudgard, Oslo 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]