Ekebergsletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekebergsletta
stad
Land  Noreg
Kart
Ekebergsletta
59°53′37″N 10°46′51″E / 59.89361111°N 10.78083333°E / 59.89361111; 10.78083333
Wikimedia Commons: Ekebergsletta

Ekebergsletta er eit område som ligg på Ekebergplatået i Oslo. Ekebergsletta vert primært nytta til idrett og er del av Oslos største parkområde, som òg omfattar Brannfjell, Ballsletta og Ekebergskogen.

Sletta var opphavleg jorde til Ekeberggårdane, hovudsakleg til Stamhuset Ekeberg, men òg til Vesle Ekeberg gard. På 1600-talet vart den delen av Ekebergveien som går tvers over sletta sett av til bygging etter lovbod frå Christian IV. Vegen kom i 1703 inn under definisjonen den Frederikshaldske Kongeveg.

I den nordre delen av sletta ligg Stamhuset Ekeberg og Ekeberg Camping. Vidare mot aust ligg Ekeberg hageby, Vesle Ekeberg, Ekeberg skule, Brannfjell, Brannfjell skule, KFUM-Hallen, Ekeberghallen og EKT Rideskole før ein er tilbake på campingplassen.

Delar av Ekebergsletta under Norway Cup i 2009, sett mot aust.

Midt ute på sletta ligg Park og Idretts utstyrområde. Her låg tidlegare plassen Smedstua. Mellom 1931 og 1967 gjekk det trikk tvers over Ekebergsletta, og Simensbråtenlinja hadde haldeplass på Smedstua. Endehaldeplassen var på Simensbråten, like ved Ekeberg skule.

Like ved Ekeberg skule ser ein framleis restane av ankringsmasten som luftskipet Noreg vart ankra opp i, når det var på veg mot Nordpolen.

Ekeberg skule er sekretariat for Norway Cup. Ekebergsletta er òg hovudarena for Norway Cup.