Ekfrase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonetten Til eit Astrup-bilete av Olav H. Hauge er ein ekfrase over måleriet Vårnatt i hagen av Nikolai Astrup.

Til eit Astrup-bilete

Kan henda drøymde dei um dette her
å møtast på ein klote, på ein stad
der hegg og apal stend i syreblad
og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær

ved fjorden? Vera saman, planta bær
og så ein innvigd åker rad for rad
med urter bak ein steingard som dei la
kring helga lundar, dei som fyre fer?

Dei er i riket sitt og sår si jord.
Og vårnatti er ljos av draum og gror.
Dei legg kje merke til at ein kjem stilt

i snjoskardet og stig på vatnet no.
Men då dei natta, såg dei månen vod
i gullserk ute der so unders mildt.
[1]

Ekfrase (or gresk ἔκ-φρασις ek, «ut» og phrasein, «tale») er eit retorisk omgrep for ein detaljert og visuell skildring av ein stad, ein person eller ein gjenstand, eventuelt også eit hendingsforløp eller ein tidssituasjon. Meir spesielt blir nemninga nytta om ei detaljert skildring av eit kunstverk eller ein kunstgjenstand i ein litterær tekst, og då ofte eit verk frå biletkunsten.

Antikke lærarar i retorikk gav studentane sine opplæring i descriptio eller ekfrase, som var ei øving i å skildre noko detaljert og visuelt for på den måten å gjere det synleg for eit publikum. Evna til å gjere dette blei høgt verdsett, og nokre valde å skildre ein allereie eksisterande gjenstand i form av eit kunstverk. Det er truleg difor ekfrase etter kvart også kom til å tyde tekstar skrivne som respons på ein kunstgjenstand.

Eit klassisk døme på bruk av ekfrase i antikken er skildringa av korleis guden Hefaistos smir Akhilles sitt skjold i 18. song av Illiaden. Skildringane av kunstferdige sverd og klede i den norrøne diktekunsten kan også reknast som tidlege døme på ekfrase. Ekfrasen fekk ei blømingstid i romantikken, då forfattarar som Gotthold Ephraim Lessing, med sitt skilje mellom romkunst (biletkunst) og tidskunst (diktekunst), skapa fornya interesse for litterære skildringar av kunstgjenstandar. I denne samanhengen kan ein også nemne Johan Ludvig Heiberg, som gjev poesien forrang over biletkunsten i Om Malerkunsten i dens Forhold til de andre skjønne Kunster (1838).

I moderne litteratur er John Keats sitt dikt Ode on a Grecian Urn eit kjent døme på ein ekfrase. I den norske bokheimen kan ein mellom anna nemne Andreas Munch sitt dikt Brudefærden, som er ei skildring av måleriet Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude. Vidare kan ein også nemne Wergelands Jan van Huysums Blomsterstykke (1840) og Til eit Astrup-bilete (1961) av Olav H. Hauge. I nyare norsk dikting er Meditasjonar over Georges de la Tour (1990) av Paal-Helge Haugen og Uten film i kameraet (2010) av Hanne Bramness to døme på diktsamlingar som inneheld ekfrasar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hauge H, O. (2008). Dikt i samling. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 179. ISBN 978-82-521-7195-2.