Ekne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekne
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Levanger
Areal 0,23 km²
Folketal 315  (2023)
Folketettleik 1 370 / km²
Postnummer 7624 EKNE
Kart
Ekne
63°41′47″N 11°02′26″E / 63.696388888889°N 11.040555555556°E / 63.696388888889; 11.040555555556
Wikimedia Commons: Ekne
Ekne i Levanger.
Strandholmen på Ekne med Hestøya til høgre.
Gevik kyrkje, kyrkjestad på Ekne.

Ekne er ein tettstad i Levanger kommune i Trøndelag fylke. Staden har 315 innbyggjarar per 1. januar 2023. Ekne er ei jord- og skogbruksbygd i tidlegare Skogn kommune. Stadnamnet Ekne (Eknir) er utolka. Ekne grensar i sørvest til Frosta, i sør til Åsen, i aust til Alstadhaug sokn i Skogn og i nord mot Trondheimsfjorden. Dei største vatna er Byavatnet og Sønningen. På grensa mot Frosta ligg Storheia (368 meter over havet) og Sottjernet. Løkshammeren er ein karakteristisk fjellhammar som heng utover Trondheimsfjorden og er synleg på lang avstand. Vest for Løkshammeren ligg det vestlegaste busettinga i bygda; Purkvika som i dag er fråflytta.

Ekne er eit sokn i Skogn prestegjeld. Ekne har eit variert næringsliv innan entreprenørverksemd, transport, tenesteyting og handel. Ekne har og eiga vassverk. Fylkesveg 61 i Nord-Trøndelag og Fylkesveg 112 i Nord-Trøndelag går gjennom Ekne og det er 17 km til kommunesenteret på Levanger.

Bygdesentret er klassifisert som tettstad av Statistisk sentralbyrå.

Ekne har fire grender; Bergbygda, Vassbygda, Markabygda og Øverbygda. Bergbygda ligg langs Tronheimsfjorden, vest for Vassbygda. Markabygda ligg nord for Byavatnet, sørvest for Vassbygda. Øverbygda ligg lengst sør, mellom Vassbygda og Ronglan.

Ekne postkontor vart opna i 1874 og lagt ned i 1997. Ekne hadde postnummer 7624 mellom 1968-1997 og det vart teken i bruk att i 2002.

Bakken[endre | endre wikiteksten]

Bakken er namnet på ein tidlegare gard. Namnet brukast om grenda rundt nordenden av Byavatnet og sørenden av Byaelva, men også namnet Byagrenna vart nytta. Bakken var tidlegare bygdesenteret på Ekne, no er det avløyst av Falstad. Både Bakken og Falstad ligg i Vassbygda. Bakken har hatt skule, meieri, kvern, butikk, postkontor, bakeri, båtbyggeri, bigard, bank, skomakar, telefonsentral og el-verk. I våre dagar har Bakken gardsbruk, bedehus, barnehage og nytt el-verk. Solbakken skule på Bakken vart erstatta av Solvang skule på Falstad omkring 1940.

Falstad[endre | endre wikiteksten]

Falstad er namnet på tre gardar, men vert lite nytta som namn på Ekne sitt noverande bygdesentrum. Staden ligg inst i Falstadbukta ved utløpet av Byaelva. Ekne kyrkje vart flytta dit i 1893, då kyrkja på Gevik (ved Vestrum i Bergbygda) vart riven.

Hyttelva[endre | endre wikiteksten]

Hyttelva ligg i Bergbygda og kjem frå Sønningen. Gardane Bakkheim og Vestli ligg ved elva. Elva kjem ut i Vestrumsbukta ved naustet til Bakkheim. Dette har vore ein industristad med oppgangsag, kvern og smeltehytte. Smeltehytta gav namn til elva.

Skular og kultur[endre | endre wikiteksten]

  • Ekne skule
  • Ekne barnehage
  • Klokkerbakken barnehage
  • Mestrings og læringssenteret
  • Falstadsenteret
  • Ekne ungdomslag
  • Ekne idrettslag
  • Ekne Teaterlag

Skiløparen Johan Kjølstad vart i 2003 juniorverdsmester i sprint før han gjekk over til Skogn idrettslag.

Historie og minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]