Eknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eknes er i bygd som ligg i Osterfjorden i Alver kommune, ca. 50 km frå Bergen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eknes er eigentleg berre ein gard frå gamalt av, ein av dei eldste i Osterfjorden. Eknes er delt i to delar; Neregard og Oppegard. Eit bevis på at Eknes er ei så gamal bygd, er gravhaugane på Nedre Eknes (Neregard), som er frå vikingtida. Men det er berre Nedre Eknes som har slik høg alder, for det er ikkje funne nokre oldtidsleivningar på Øvre Eknes (Oppegard).

Verksemder[endre | endre wikiteksten]

Eknes har hatt fleire verksemder, nokre frå gammalt av, og nokre frå nyare tid:

  • Eit handelshus i Eknesvågen. Truleg var dette i verksemd i byrjinga av 1700-talet. Dette var ei familieverksemd som hald stad i Eknesvågen fram til 1970-åra, då vart det bygd ein ny butikk lenger oppe på Eknes. I 1992 bygde dei ein ny butikk på Ostereidet. Der vart butikken i drift til hausten 2002 då ingen av borna til eigarane ville overta. Lokalet vart leigd ut til Rema 1000.
  • Gjestgjevarstad i Eknesvågen. Gjestgjevarstaden fann truleg stad ein gong i midten av 1700 talet. Gjestgjevarstaden vart halde i gang fram til om lag 1849.
  • Meieri på Nedre eller Ytre Eknes. Eknes Meieriforeining vart skipa 19. feb. 1916. Dei fleste meieria i Hosanger kommune vart lagt ned i 1958-59, og ein reknar med at meieriet på Eknes vart lagt ned samstundes. Det var då Seim starta opp meieri. Mjølka vart samla opp av ein mjølkebil, som frakta mjølk til Seim.
  • Georg Eknes Industrier AS, ovanfor båthamna på Eknes. Verksemda vart skipa i 1952 og har alltid vore ei familieverksemd. Der produserer dei sete for skip, raske ferjer og tog.
  • Hobby Boat a/s, ovanfor båthamna på Eknes. Dette er ei familiebedrift som har produsert båtar i over 30 år.

Det flytta verksemda til Eknes i 2005. Butikken og båtverkstaden opna 19. februar det året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]