Eksostose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røntgenbilete av venstre lårbein i ein 10 år gamal gut visar eksostose langs den ytre sida over kneet.

Eksostose er utvekst av nytt godarta knokkelvev på overflata av ein knokkel.[1] Eksostosar kan medføra mild til alvorleg kronisk smerte, avhengig av form, storleik og område. Dei oppstår oftast i lange røyrknoklar, slik som ribbeina, der dei former små utvekstar. Større utvekstar kan stundom oppstå i ankelen, kneet, skuldra, olbogen og hofta. Eksostosar i hovudskallen er svært uvanleg.

Eksostosar oppstår vanlegvis i ledda og kan vokse oppover. Til dømes kan ein knokkel i ankelen vokse oppover til leggen.

Eksostosar i fossil[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Paleopatologi.

Eksostosar i fossil blir undersøkt av paleopatologar, som er ekspertar på forhistoriske sjukdommar og skadar. Eksostosar har blitt funne i artar som Acrocanthosaurus atokensis, Albertosaurus sarcophagus, Allosaurus fragilis, Gorgosaurus libratus, og Poekilopleuron bucklandii.[2]

Hereditære multiple eksostosar[endre | endre wikiteksten]

Hereditære multiple eksostosar rammar om lag 1 av 50 000. Folk med sjukdommen utvikler fleire godarta knokkelsvulstar. Talet på svulstane varierer mellom ulike pasientar, og dei kan forme seg på ulike stader. Dei fleste blir ikkje påverka av dette ved fødselen.

Relaterte sjukdommar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. H. Iversen, Olav (14. februar 2009). «eksostose». Store norske leksikon. Henta 26. januar 2015. 
  2. Molnar, R. E., 2001, Theropod paleopathology: a literature survey: In: Mesozoic Vertebrate Life, edited by Tanke, D. H., and Carpenter, K., Indiana University Press, s. 337-363.