Sakkunnig vitne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ekspertvitne)

Eit sakkunnig vitne eller ekspertvitne er ein person som vitnar i ei rettssak som ekspert innanfor eit særskild fagfelt. Eit slikt vitne kan ha oppnådd ekspertisen sin gjennom utdanning, trening, sertifisering, særskilde evner eller erfaringar, og kan bruka denne til å gje si tolking av prov eller faktum.[1] Sakkunnige tvitne kan også gje skriftlege ekspertprov innanfor feltet der dei har ekspertise.[2] Vitnemåla deira kan bli forsøkt tilbakeviste av vitnemål frå andre kunnige, eller av andre prov eller fakta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bruken av ekspertar i rettstvistar går tilbake til oldtida. I det gamle Babylonia kunne ein til dømes nytta jordmødrer som ekspertar innan spørsmål om svangerskap, jomfrudom og kvinneleg fruktbarheit. Romarriket nytta jordmødrer på same vis, i tillgg til handskriftekspertar og landmålarar.[3] Det kodifiserte regelverket kring av ekspertvitne og høvet til å bruka vitnesbyrd og vitskaplege prov frå dei har utvikla seg betydeleg i det vestlege rettssystemet dei siste 250 åra. Konseptet med å tillata eit sakkunnig vitne å vitne i ein rettssituasjon og leggja fram meiningsfulle bevis om fakta til andre vitne blei fyrst introdusert i engelsk rett av lord Mansfield i saka Folkes v. Chadd i 1782, der ein sivilingeniør, John Smeaton, fekk løyve til å gje ei vitskapleg grunna uttaling som ikkje var eit reint vitnesbyrd. Denne saka blir ofte rekna som grunnlaget for moderne reglar om ekspertvitneforklaring i Common Law-område.[4][5]

Nokre typiske område der ein kan bruka ekspertisen til sakkunnig er omfanget av skader, mental tilstand, grunnen til at noko feila, tap av inntekt, pleiekostnader og liknande. I ei sak knytt til åndsrett kan ein ekspert bli gjeven to eksemplar musikk, tekstar, krinskort eller liknande og beden om å greia ut om graden av likskap mellom dei.

Den amerikanske rettsregelen kjend som Frye test stammar frå saka Frye v. United States (1923). Denne seier at vitskapen bak sakkunnige vitnesprov må vera generelt akseptert for at ein skal kunna tillata dei. Saka dreidde seg om ein kunne bruka løgndetektor og eit ekspertvitne som forklarte funna frå han for å visa uskuld. Dette blei ikkje godteke av retten.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Federal Rules of Evidence, Rule 702. Testimony by Expert Witnesses». Legal Information Institute. Cornell Law School. 30 November 2011. Henta 21 November 2018. 
  2. Black's Law Dictionary, articles "Evidence", "Expert", "Witness"
  3. "Forensic Ethics and the Expert Witness". 2007. doi:10.1007/978-0-387-35383-8
  4. Rosemary J. Erickson, Rita James Simon, The Use of Social Science Data in Supreme Court Decisions (1998), p. 19/
  5. Ryskamp, Dani (10 May 2018). «A Brief History of Expert Witnesses in U.S. Courts». The Expert Institute. Henta 2 July 2019. 
  6. Ryskamp, Dani (10 May 2018). «A Brief History of Expert Witnesses in U.S. Courts». The Expert Institute. Henta 2 July 2019.