Eksplosjonen på Vågen

Koordinatar: 60°23′58″N 5°18′59″E / 60.39944°N 5.31639°E / 60.39944; 5.31639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°23′58″N 5°18′59″E / 60.39944°N 5.31639°E / 60.39944; 5.31639

Minneplate ved Ankerhytten FjeldlySandviksfjellet nedanfor Kvitebjørnen. Denne markerer staden der ei ankerklo frå ankeret til «Voorbode» landa. Dette er 3 km og ca 400 moh bort frå eksplosjonsstaden.
Foto: Svein Harkestad

Eksplosjonen på Vågen i Bergen skjedde den 20. april 1944. Det tyske ammunisjonsskipet «Voorbode» med 120 tonn ammunisjon kom i brann og detonerte ved festningskaien på Vågen klokka 0839.

Minst 98 menneske mista livet, 4 800 skadd, 131 hus forsvann, 117 hus vart så sterkt skadd at dei måtte rivast, 45 hus vart sterkt skadd, medan 3 500 hus fekk mindre skadar. I etterkant av eksplosjonen vart 4260 barn evakuert. Viktige kulturminne som Nykirken, Tollboden, Bryggen, Rosenkrantztårnet og Håkonshallen vart sterkt skadd, men sidan restaurert.

Sabotasje?[endre | endre wikiteksten]

Historikar Vidar Erik Haugen har i ein artikkel påstått at eksplosjonen var ein sabotasjeaksjon frå alliert side, imot ubåthamna i Bergen (Laksevåg).[treng kjelde] Andre hevder derimot at det var ei ulukke.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]