Ekspresjonisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leikande nakne menneske av Ernst Kirchner 1910-11
Lyrikaren av Egon Schiele 1911
Rådyr i skogen (II) (Rehe im Walde (II) av Franz Marc 1914
Den tysk-norske biletkunstnaren Rolf Nesch sitt verk Bru over Elben I (1932) (335x595mm)

Ekspresjonisme og ekspresjonistisk er nemning for ei uttrykksform og ei retning innanfor kunst. Den har prega både biletkunst, litteratur, musikk, teater, film og arkitektur. Eit «ekspresjonistisk» kunstverk vert oppfatta å uttrykke dei indre kjenslene hos opphavspersonen, formidla i ei subjektiv og vridd avbilding av den ytre verda. Uttrykket i ekspresjonistisk biletkunst er ofte intense, kantete, utflytande og grensesprengande.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Døme på ekspresjonistiske stilelement finst langt tilbake i kunsthistoria, som i bilete til den spanske barokkmålaren El Greco, eller i Francisco Goya sine «svarte måleri». Kunstretningar som postimpresjonisme, fauvisme og symbolisme, med målarar som Edvard Munch, Paul Gauguin, Paul Cézanne og Vincent van Gogh vert oppfatta som forløparar for ekspresjonismen.

Kunstretninga ekspresjonisme vert først og fremst knytt til Tyskland i åra mellom 1900 og 1940. Kunstnargrupper som Die Brücke og Der Blaue Reiter vert sett som dei mest framståande representantane for den tyske ekspresjonismen, i tillegg til filmskaparen Fritz Lang.

Ekspresjonisme vart oppfatta som ei motsetning til impresjonismen. I eit ekspresjonistisk kunstverk vil gjengjevinga av inntrykk av den sette verda, måtte vike for komplekse tolkingar av den personlege psyken. Ekspresjonistisk kunst vert gjerne knytt til framstillingar av angst og sjeleleg mørker, og kan sidestillast med andre viktige kunstnariske og intellektuelle rørsler på 1900-talet som eksistensialisme og psykoanalytiske teoriar om det underbevisste.

Ekspresjonistisk kunst var fordømt av dei tyske nazistane som «entartete Kunst». Med det meinte dei kunst som hadde utarta og degenerert til eit lågareståande kulturutrykk.

Ekspresjonistiske biletkunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Ekspresjonistiske forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Ekspresjonistiske komponistar[endre | endre wikiteksten]

Ekspresjonistiske filmskaparar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]