Ekstase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Maria Magdalena i ekstse'. Måleri av Artemisia Gentileschi frå 1610-talet.

Ekstase er ein sinnstilstand kjenneteikna av medvitsendring, ofte av religiøs karakter.[1] Tilstanden kan førekoma saman med ei intens kjensle av lukke, velvere, høgare innsikt enn andre eller ein idé om å vera særskild utvald.[2] I daglegtale kan «ekstase» også visa til ulike former for vill glede, oppgløding eller oppspiling.[3]

I ekstase kan merksemda til eit individ trekkast tilbake frå omverda, ofte i ein slik grad at den «henrykte» er fullstendig urørleg og uvitande om kva som føregår rundt seg og til og med utan medvit om sitt eige eg, tid og rom. Samstundes kan ekstasen opplevast som ei utviding av medvitet der den ekstatiske kan ha ei kjensle av å vera totalt gjeven til ein idé eller førestilling, eller ei mystisk sameining (unio mystica) med ei kjensle av å vera eitt med ein guddom eller verdsaltet.[1]

Ved nokre former for ekstase kan ein oppleva hallusinasjonar frå ulike sanseområdee. Dei kan fortona seg som syn eller openberringar, ofte av stor venleik og intensitet.[1]

Ekstatiske tilstandar er kjende frå ei rekkje ulike religiøse tradisjonar. Tilstanden kan framkallast gjennom askese, dans, musikk, sjølvsuggesjon eller visse rusmiddel som narkotika.[1] Han kan også skuldast nevrologiske sjukdommar som epilepsi eller psykiatriske lidingar som dissosiativ liding.[2]

Ordet «ekstase» kjem via gammalfransk estaise frå seinlatin extasis og opphavleg frå gresk ἔκστασις, ékstasis, 'sinnsforvirring, begeistring',[4][3] sett saman av ex-, 'ut av' og stasis, 'stilling'.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Ekstase», Store norske leksikon, 22. juni 2012 
  2. 2,0 2,1 Ulrik Malt (7. november 2014), «Ekstase», Store medisinske leksikon 
  3. 3,0 3,1 «ekstase» Arkivert 2016-03-08 ved Wayback Machine., Bokmålsordboka
  4. «ecstasy (n.)», Online Etymology Dictionary

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur