Ekstrasellulær polymerisk substans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ekstrasellulære polymeriske substansar (EPS) er komplekse blandingar av polymerar med høg molekylærvekt som i hovudsak er sette saman av protein, polysakkarid, humussubstansar, nukleinsyrer og andre molekyl, og som vert utskilde av mikroorganismar.

Ekstrasellulære polymeriske substansar har sentrale verknader i prosessen der mikrobane fester seg til kvarandre og samlar seg, og hjelper til med danninga av og aukar stabiliteten til oppbygginga av mikrobesamfunn.

Ekstrasellulære polymeriske substansar finst i biofilmar, der dei er sentrale.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Flemming, Hans-Curt; et al. (11. august 2016). «Biofilms: an emergent form of bacterial life». Nature Reviews Microbiology. doi:10.1038/nrmicro.2016.94. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.