Ekstrem ultrafiolett stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekstrem ultrafiolett-bilde av sola (raud: 21,1 nm, grøn: 19,3 nm, blå: 17.1 nm) teke av Solar Dynamics Observatory 1. august 2010 som viser ein solstorm og eit koronamasseutbrot.

Ekstrem ultrafiolett stråling (engelsk Extreme ultraviolet, EUV eller XUV) er ultrafiolett elektromagnetisk stråling med høg energi, med bølgjelengd på mellom 124 nm og 10 nm. Ifølgje Planck–Einstein-likninga har ho dermed foton med energi frå 10 eV opp til 124 eV (tilsvarande høvesvis 124 nm og 10 nm). Solkoronaen dannar ekstrem ultrafiolett stråling naturleg. Ein kan også laga strålinga ved hjelp av plasma og synkrotrone lyskjelder. Sidan ultrafiolett stråling type C (UVC) går til 100 nm, er det noko overlapp mellom dei to typane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]