Hopp til innhald

Ekstremvêr i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyttårsorkanen på veg inn mot Nordvestlandet 04 UTC 1. januar 1992.
Foto: Met.no
Ekstremvêret Dagmar ved Seilet hotell i Molde.

Ekstremvêr i Noreg er eit uvêr som er så kraftig at det er fare for liv og verdiar. I Noreg er det berre Meteorologisk Institutt som er pålagt å varsle og som har lov å varsle om slike vêrforhold, då kalla eit ekstremvarsel. Årsaka til at berre MI gjev ut slike varsel er fordi det ikkje skal oppstå forvirring om til dømes StormGeo eller andre vêrselskap hadde gjeve ut eit ekstremvarsel, medan MI ikkje hadde sendt ut.

I samband med ekstremvarsel vert styresmaktene varsla slik at dei kan sette i gang førebyggjande tiltak. Først vert hovudredningssentralane og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) varsla og deretter Justisdepartementet, fylkesmannen i fylka som vert råka, politiet i aktuelle område i tilfelle evakuering, kommunale etatar i aktuelle område for å sikre verdiar og media for å varsle ålmenta.

For at eit uvêr skal kallast ekstremt må minst eitt av følgjande kriteria oppfyllast:

  • Sterk vind, som regel storm.
  • Store nedbørmengder eller endra temperaturforhold som kan føre til stor flaum.
  • Ekstremt stor snørasfare over store område
  • Stormflod (ekstremt høg vasstand langs delar av kysten)

I tillegg spelar òg kva område som vert råka inn på om det vert sendt ut ekstremvarsel eller ikkje. Til dømes må det kraftigare vind til i Nord-Noreg og på Vestlandet enn på Austlandet.

Kva retning vinden kjem frå spelar vanlegvis òg ei rolle. Om vinden bles parallelt med kysten vil berre dei ytste områda verte råka av kraftig vind, men med ein gong vinden kjem med større vinkel inn på kysten vil større område få merke den kraftige vinden.

Opphavet til at ein starta med varslingsplanar for ekstreme vêrsituasjonar var nyårsorkanen i 1992 i Møre og Romsdal. Orkanen vart godt varsla av Meteorologisk Institutt på nyårsaftan 1991, men sidan varselet mellom anna kom på denne spesielle dagen var det få som fekk varselet med seg. Verken ålmenta eller styresmakter vart varsla om det særs kraftige uvêret og øydeleggingane vart deretter sidan ingen skadeførebyggande tiltakt vart utført og heller ingen beredskap vart sett i gang for å raskt bøte på skadane som oppstod.

Første gong prosedyrane for ekstremvarsel vart nytta var 8. desember 1994 då det vart full til sterk storm langs kysten frå Lindesnes til Fedje. Dei fleste ekstremvêra kjem som følgje av kraftig vind. Ekstremvêr som følgje av ekstrem stor snørasfare har enno ikkje oppstått sidan prosedyrane vart oppretta.

Sidan 1995 har òg MI gjeve namn på ekstremvêra på liknande måte som ein gjer med tropiske syklonar i andre delar av verda. Her nyttar ein ei alfabetisk liste der anna kvart namn er eit mannsnamn og eit kvinnenamn. Bokstavane Q, W, X, Z, Æ, Ø og Å vert ikkje nytta. Når ein kjem til siste bokstav (Y) byrjar ein på nytt igjen med A på neste ekstremvêr. På den første lista vart ikkje bokstaven C nytta.

Det første ekstremvêret som fekk namn var Agnar 12. oktober 1995.

Kjende ekstremvêr

[endre | endre wikiteksten]

Nyårsorkanen i 1992 var det dyraste uvêret som har råka landet.[1] Det vart registrert 33 000 skadar og utbetalt ei total erstatning på om lag 1,3 milliardar kroner.[2]

Vesleofsen, flaumen som råka Austlandet i juni 1995, vart òg særs dyr med om lag 6900 skadar for 1,8 milliardar kroner og utbetalt erstatning for 940 millionar kroner.[2] Ekstremvêret Narve råka Nord-Noreg i januar 2006 og det vart rapportert 2478 skadar som totalt gav ei erstatning på rundt 188 millionar kroner.[2]. Eit av dei mest omfattande uvêra som har råka landet var dei tre ekstremvêra Gudrun, Hårek og Inga som kom på løpande band i januar 2005. Områda heilt frå Østfold til Nordland vart råka i denne uvêrsperioden og det vart rapportert 4306 skadar for totalt 160 millionar kroner.[2]

Storofsen er ein av dei største flaumane som har råka landet nokon gong. Han skjedde i 1789 og tok livet av minst 61 menneske. Den galne måndagen var eit anna kjend uvêr med orkan som i 1822 tok meir enn 300 menneskeliv på Vestlandet.

Liste over ekstremvêr

[endre | endre wikiteksten]
Ekstremvêr i Noreg
DatoNamnOmråde råkaÅrsak
8. desember 1994NamnlausLindesnes til FedjeVind opp mot sterk storm; høg vasstand frå Lindesnes til Karmøy
19. januar 1995NamnlausRogaland til Sogn og FjordaneVind opp i sterk storm.
30. januar 1995NamnlausHordaland, Sogn og Fjordane og TrøndelagVind opp i sterk storm.
31. januar 1995NamnlausTrøndelag til NarvikHøg vasstand
27. mai 1995Namnlaus, men i ettertid kalla VesleofsenTelemark og AustlandetStore nedbørmengder
31. mai 1995Namnlaus, men i ettertid kalla VesleofsenTelemark og AustlandetStore nedbørmengder
7. juni 1995Namnlaus, men i ettertid kalla VesleofsenAustlandetStore nedbørmengder
12. oktober 1995AgnarNordmøre, Trøndelag og HelgelandSterk storm, full storm på Helgeland
11. november 1995BeraTroms og Vest-FinnmarkFull storm, fare for snøras og vanskelege køyreforhold
29. januar 1996DagAust-FinnmarkSterk storm
28. februar 1996ErikaTrøndelagKortvarig sterk storm
12. oktober 1996FrodeNordland, Troms og Vest-FinnmarkFull eller sterk storm
28. oktober 1996GerdLindesnes til Oslofjorden med landområdeOpp til storm med kast
14. januar 1997HaukSpitsbergenSterk storm
29. januar 1997IdunNordland, Troms og FinnmarkFull storm, sterk storm i Finnmark
6. februar 1997JoarVestfjorden og Ofoten - NordfjordHøg vasstand
7. februar 1997JoarNordfjord, Møre og Romsdal og TrøndelagSterk storm og høg vasstand
17. februar 1997KariRogaland til Sogn og Fjordane og i TrøndelagSterk storm
16. november 1997LeifSpitsbergenSterk storm
9. november 1998MariIndre Sør-TrøndelagFull storm
26. november 1999NjålStad til NarvikHøg vasstand
28. november 1999OlrunHordaland, Sogn og Fjordane og TrøndelagFull eller sterk storm
24. desember 1999PeterAgder til ØstfoldLiten eller full storm
28. januar 2000ReidunLindesnes til ØstfoldHøg vasstand
27. mars 2000SølveAust-FinnmarkFull storm
28. oktober 2000ToraAgderFull storm, store nedbørsmengder og høg vasstand
15. januar 2001UlfTroms og FinnmarkFull storm
15. desember 2001ValdisFinnmarkSterk storm
17. desember 2002YrjanVesterålen, Troms og FinnmarkFull eller sterk storm
14. januar 2003AgdaMøre og Romsdal og Sør-Trøndelag sør for TrondheimsfjordenFull eller sterk storm
28. oktober 2003BengtTromsø til VardøHøg vasstand
3. desember 2003ClaraSalten til Vest-FinnmarkFull storm
6. desember 2003DyreMøre og Romsdal og TrøndelagFull storm
10. desember 2003EddaNord-Helgeland til Sør-TromsFull storm. Sterk storm i Lofoten.
21. desember 2004FinnNord-Møre til VesterålenFull storm
8. januar 2005GudrunSør-Rogaland til SvenskegrensaSterk storm i Rogaland, ellers liten til full storm, Høg vasstand frå Egersund til Svenskegrensa
10. januar 2005HårekNord-Trøndelag til LofotenKortvarig sterk storm. Høg vasstand.
11. januar 2005IngaEgersund til KristiansundHøg vasstand. Liten til sterk storm.
August 2005Jostein-Varselet vart trekt tilbake på grunn av at uvêr minka i styrke og ikkje kvalifiserte til ekstremvêr.
14. september 2005KristinHordaland og Sogn og FjordaneFørste ekstremvarsel på grunn av ekstreme nedbørmengder.
14. november 2005LokeRogaland til Sogn og FjordaneLokalt ekstreme nedbørmengder.
11. desember 2005MonaHelgeland, Saltfjellet, Salten og LofotenFull storm og store nedbørmengder
18. januar 2006NarveNamdalen til Vest-FinnmarkSøraust full til sterk storm.
4. desember 2006OdaStavanger til StadHøg vasstand
13. januar 2007PerRogaland til SognNordvest sterk storm
19. desember 2007RitaNord-Troms og FinnmarkVestleg full til sterk storm
26. januar 2008SondreSognefjorden til KristiansundSærs høg vasstand kombinert med vestleg full storm.
31. januar 2008TuvaFarsund til svenskegrensaVarsla sørleg full storm langs kysten, vart stort sett berre liten storm på det meste.
25.-26 oktober 2008UlrikStad til HelgelandVarsla fare for sterk storm på kysten, noko det også vart.
20. november 2008VeraTrøndelagEit polart lågtrykk medførte storm, høge bølgjer, stormflod og tett snøfall.
31. desember 2008YngveNordlandEit kraftig lågtrykk medførte storm og lokalt orkan i områda rundt Vestfjorden
26. januar 2010AskNordland, Troms og FinnmarkKortvarig sterk storm 30 m/s utsette stader i Nordland, Troms og Vest-Finnmark. Sørvestleg full storm 25 m/s, sterk storm 30 m/s utsette stader i kyst- og fjordstrøka i Aust-Finnmark.
25. november 2011BeritMøre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og LofotenKraftig vind og høge bølgjer; særs høg vasstand langs kysten. Vasstanden var estimert til å vere 110 cm over tidvatnet i tidvasstabellen.
25. desember 2011CatoSalten, Ofoten, Lofoten, Vesterålen, Troms og kyst- og fjordstrøka i Vest-FinnmarkStormflod
25. desember 2011DagmarSogn og Fjordane, Møre og Romsdal, TrøndelagEkstrem vind, men også høg vasstand kombinert med høge bølgjer.
3. januar 2012EmilVest-AgderSterk storm
6. august 2012FridaAust- og Vest-AgderVarsel om store nedbørmengder i forbindelse med kraftige regn- og tordenbyger. «Etter gjeldende kriterier for ekstremvær kvalifiserte ikke Frida som ekstremvær i Agder-fylkene. Nedbørmengdene som ble registrert var store, men på ingen måte ekstreme. Derimot kom det ekstreme mengder nedbør i Vestfold og Nedre Buskerud, hvor kraftige byger og store nedbørmengder førte til oversvømmelser og jordras som gjorde skade på hus, veier og jernbane.» (Meteorologisk institutt)
21. juni 2013GeirAust- og Vest-Agder, Telemark, Buskerud og OpplandLokalt ekstremt mye nedbør (5090 mm)
16. november 2013HildeSør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og HelgelandMeteorologisk institutt melde om lokale vindkast inn over land som var venta å kome opp i mellom 40 og 50 meter per sekund, i tillegg til mellom 13 og 15 meter høge bølgjer inn mot kysten.[3] «Sørvest full og kan hende sterk storm, som etterhvert dreier vestlig. Lokale vindkast på 35-45 m/s innover land lørdag kveld og første del av natt til søndag. Lørdag kveld er det også ventet høye bølger inn mot kysten. Signifikant bølgehøyde kan bli 13-15 m» (Meteorologisk institutt)
12. desember 2013IvarMøre og Romsdal og TrøndelagTorsdag ettermiddag og kveld melde Meteorologisk institutt om kortvarig vest og nordvest sterk storm (30 m/s) eller orkan (33 m/s), med vindkast opptil 40–45 m/s inn over land[4]
8. mars 2014JorunFinnmarkVestlig full til sterk storm over store deler av Finnmark, med vindkast på 35–40 m/s.[5]
12. mars 2014KyrreTrøndelag, Helgeland og SaltfjelletEkstreme nedbørsmengder.[6]
9. august 2014LenaHordaland, og Sogn og FjordaneEit uvanleg kraftig lavtrykk for årstida. Lokale vindkast på 25–35 m/s.[6]
30. desember 2014MonsNamdalen, Helgeland, Saltfjellet og Sør-SaltenMildvêr og ekstreme nedbørsmengder.[6]
10. januar 2015NinaSogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Agder, Telemark og Ytre OslofjordMålt til orkan styrke i 4 timar, var oppe i 33,8 m/s. Høge bølgjer inn mot kysten. Vindkast målt til 44,7 m/s.[7]
6. februar 2015OleTrøndelag, Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Ofoten og TromsVind av orkan styrke inn mot nordlege Nordland og Sør-Troms. Meir enn 50 000 var utan straum.[8]
17. september 2015PetraVest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og BuskerudLangvarig nedbør og store nedbørmengder.[9]
1. oktober 2015RoarNordland, Nord-Trøndelag og Sør-TrøndelagStore nedbørmengder.[10]
5. desember 2015SynneHordaland, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder[11]Store nedbørmengder, flom, ras, stengte veier og jernbaner, innstilte ferjer[12] Fortsette innover Vest-Sverige.
29. januar 2016TorHedmark, Oppland, Buskerud, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland[13]Kraftig vind. Ved Kråkenes fyr (Vågsøy, Sogn og Fjordane) blei middelvinden målt til 48,9 meter i sekundet, noko som er ny vindrekord for dei offisielle målingane i Noreg etter nyttårsorkanen i 1992.
År Tal på
ekstremvêr
1994 1
1995 8
1996 4
1997 6
1998 1
1999 3
2000 3
2001 2
2002 1
2003 5
2004 1
2005 7
2006 2
2007 2
2008 5
2009 0
2010 1
2011 3
2012 2
2013 3
2014 4
2015 5

Etter fylke

[endre | endre wikiteksten]
Fylke Tal på
ekstremvêr
Østfold 8
Akershus 3
Oslo 3
Hedmark 4
Oppland 4
Buskerud 5
Vestfold 9
Telemark 8
Aust-Agder 8
Vest-Agder 10
Rogaland 10
Hordaland 13
Sogn og Fjordane 14
Møre og Romsdal 10
Sør-Trøndelag 16
Nord-Trøndelag 17
Nordland 18
Troms 12
Finnmark 13
Svalbard 2
Fotnotar
  1. Nyttårsorkanen. Kunnskapsforlaget. 2007.
  2. 1 2 3 4 «Det verste uværet». Meteorologisk Institutt. 21. september 2008. Henta 30. september 2008.
  3. «Orkan flere steder langs kysten». Yr.no. 16. november 2013. Arkivert frå originalen 18. november 2013. Henta 18. november 2013.
  4. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 26. desember 2013. Henta 26. desember 2013.
  5. «Norske ekstremvær får navn». met.no. 26. desember 2013. Henta 29. desember 2014.
  6. 1 2 3 «Norske ekstremvær får navn». met.no. 9. januar 2015. Henta 9. januar 2015.
  7. «Ekstremvarsel». yr.no. 10. januar 2015. Arkivert frå originalen 14. januar 2015. Henta 12. januar 2015.
  8. «50.000 er uten strøm». nordlys.no. 7. februar 2015. Henta 8. februar 2015.
  9. «Disse rammes av ekstremværet Petra». tv2.no. 16. september 2015. Henta 16. september 2015.
  10. Ekstremværet Roar på vei til Trøndelag. adressa.no (1. oktober 2015)
  11. Fase D: Ekstremværet Synne er nå over Arkivert 2016-02-08 ved Wayback Machine.. met.no (6. desember 2015)
  12. Veier er stengt, togene vestover innstilt og ferjene ligger ved kai Fædrelandsvennen (6.desember 2015)
  13. Fase B: Ekstremværet Tor treffer Sør-Norge Arkivert 2016-02-02 ved Wayback Machine.. met.no (29. januar 2016)