Hopp til innhald

Ekstremvêret Dyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Dyre var eit ekstremvêr som råka områda frå Møre og Romsdal til Nordland 6. desember 2003 med kraftig vind. Det andre ekstremvêret på berre tre dagar og berre fire dagar seinare, den 10. desember kom ekstremvêret Edda til same områda. Ekstremvarselet som vart sendt ut gjaldt full storm frå Møre og Romsdal og i Trøndelag.

Mange hurtigbåtar og ferjer vart innstilt under stormen og hurtigbåten «Thorolf Kveldulfsøn» fekk større skadar i skroget då han vart slengt på land.[1]

Kraftigast vind

[endre | endre wikiteksten]
Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Sklinna fyr3341
Buholmråsa fyr2938
Nordøyan fyr2936
Kråkenes fyr2833
Obrestad2735
Myken2634
Utsira fyr2532
  1. «Ny storm kan stanse trafikken». Rødøy kommune. 9. desember 2003. Henta 1. oktober 2008.