Hopp til innhald

Ekstremvêret Geir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geir kl. 18 den 21. juni 2013.
Foto: Meteorologisk Institutt

Geir var eit varsla ekstremvêr utstedt 21. juni 2013 for Agder, Telemark, Buskerud og Oppland. Varselet gjaldt lokalt ekstremt mykje nedbør i løpet av kvelden og natta.[1] Det vart ikkje meldt om skadar på grunn av regnvêret.[2]

Vêrsituasjonen

[endre | endre wikiteksten]

Fuktige og ustabile luftmassar var på veg inn over Sør- og Austlandet. Nedbøren hadde byepreg og det var venta store variasjonar i nedbørsmengd frå stad til stad. Enkelte stader var venta å kunne få 50-90 mm i løpet av 12 timar.[1]

Berre tre vêrstasjonar målte nedbør over 50 mm i løpet av episoden, og det var kanskje dermed ikkje berettiga å gje vêret status som ekstremvêr.[3]. Returperioden var 5-20 år på dei nedbørsmengdene som kom, men det kan ha kome meir nedbør andre stader enn der vêrstasjonane stod, sidan nedbøren kom i form av kraftige byer.[3]

Våtast vart det i Hemsedal som fekk 59,9 mm.

Nedbørmålingar

[endre | endre wikiteksten]
StasjonKommuneFylkeNedbør (mm)Returperiode (år)Rekord (mm)Dato for rekord
HemsedalHemsedalBuskerud59,91568,15. april 2001
RjukanTinnTelemark53,0513429. juni 1927
Uvdal kraftverkNore og UvdalBuskerud52,7---
TunhovdNore og UvdalBuskerud51,0208626. juni 1977
VenabuRingebuOppland50,420524. juli 1982
FoldsæFyresdalTelemark49,0583,95. september 1968
AtnsjøenStor-ElvdalHedmark48,91065,615. august 2003
SkåbuNord-FronOppland48,42052,314. august 1994
TveitsundNissedalTelemark47,8277,55. september 1968
Risør brannstasjonRisørAust-Agder47,31113,623. oktober 2002
  1. 1 2 «Ekstremværet GEIR glir over». Meteorologisk Institutt. 22. juni 2012. Henta 15. februar 2015.
  2. «Ekstremveret har gitt seg». NRK. 22. juni 2012. Henta 15. februar 2015.
  3. 1 2 «Her regnet «Geir» mest fra seg». yr.no. 24. juni 2012. Henta 15. februar 2015.