Ekstremvêret Hårek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hårek eller Haarek var eit ekstremvêr som råka området frå Nord-Trøndelag til Lofoten den 10. januar 2005, berre to dagar etter ekstremvêret Gudrun råka landområda litt lenger sør, og dagen før ekstremvêret Inga råka Sør-Noreg. Hårek var den av desse tre som gjorde minst skade. Til saman gjorde desse tre stormane skadar for 160 millionar kroner i områda frå Østfold til Nordland.[1]

Ekstremvarselet vart sendt ut av Meteorologisk Institutt og gjaldt fare for kortvarig sterk storm i kombinasjon med høg vasstand.

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Åmnes i Meløy kommune tok vinden med seg ein garasje som smalt inn i eit bustadhus, medan ein campingvogn vart flytta av vinden i Mevik i Gildeskål. I Mo i Rana sleit Hårek laus ei flytebrygge og mange tre rotvelta langs kysten av Helgeland.[2]

Mellom Stad og Narvik vart det målt vasstand opp til 90 cm høgare enn det som var gjeve i tidvasstabellen.[2]. I Konsvik på Lurøy vart ein nybygd molo rasert av dei høge bølgjene.[3]

Uvêret førte med seg vanskelege trafikkforhold. E6 over Saltfjellet vart stengd og fleire flyavgangar i Lofoten og i Salten vart innstilt. Det same vart fleire ferjestrekningar i området.[2]

Vind[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind mellom kl. 13 den 10. januar og kl. 07 den 11. januar. Områda frå Stad (ikkje ekstremvêr) til Salten fekk vind over full storm. Kraftigast vind vart målt på Ona, Nordøyan fyr og Kråkenes fyr, som alle målte ein middelvind på 32 m/s (sterk storm) og vindkast på 39-39 m/s (137-140 km/t)

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Ona 32 39 kl. 18-19 10. jan
Nordøyan fyr 32 39 kl. 23-00 10. jan
Kråkenes fyr 32 38 kl. 01-04 11. jan
Sklinna fyr 31 38 kl. 00-01 11. jan
Veiholmen 30 37 kl. 19-22 10. jan
Sula 29 38 kl. 19-22 10. jan
Svinøy fyr 28 35 kl. 13-16 10. jan
Bodø 27 33 kl. 05-06 11. jan
Buholmråsa fyr 26 36 kl. 22-23 10. jan
Ørland 26 34 kl. 19-22 10. jan
Røst 26 31 kl. 04-05 11. jan
Myken 24 30 kl. 00-01 11. jan
Namdalseid 23 - 06-07 11. jan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det verste uværet». Meteorologisk Institutt. 21. september 2008. Henta 30. september 2008. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Stormen tok garasje og campingvogn». aftenposten.no. 11. januar 2005. Henta 27. oktober 2008. 
  3. «Haarek knuste moloen». ranablad.no. 11. januar 2005. Henta 27. oktober 2008.