Ekstremvêret Inga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inga i Bergen
Foto: Meteorologisk Institutt
Inga i Bergen førte til høg stormflod som rann inn i butikkane på Bryggen
Foto: Meteorologisk Institutt
Inga i Bergen
Foto: Meteorologisk Institutt
Uvêret gjekk hardt utover dampskipskaien på Jelsa. Han har sidan stått som ruin.[1]
Foto: Ronny B.Hagen

Inga var eit ekstremvêr som råka store delar av Sør-Noreg 11.-12. januar 2005. Ekstremvarselet vart sendt ut 11. januar frå Meteorologisk Institutt med fare for høg vasstand og liten til sterk storm på kysten frå Egersund til Kristiansund. Stormen var det tredje ekstremvêret som råka landet på berre fire dagar. Dagen før hadde ekstremvêret Hårek råka kysten frå Nord-Trøndelag til Lofoten, medan ekstremvêret Gudrun hadde råka Sør-Noreg den 8.-9. januar. Gudrun gjorde mellom anna særs store skadar i Sverige. Til saman gjorde desse tre stormane skadar for 160 millionar kroner i områda frå Østfold til Nordland.[2]

Lågtrykket var på sitt sterkaste då det låg over Shetland. Det hadde då eit trykk i senteret på 945 hPa.

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Uvêret byrja å gjere seg gjeldande morgonen 12. januar. I Bergen vart både Sotrabrua og Askøybrua stengde på grunn av vindkast opp i 32 m/s.[3].

Kombinasjonen av stormflod og springflod, då månefasane fører til høgast flo, førte til ekstremt høg vasstand, og det vert rekna at slike tilhøve berre skjer med 10-20 års mellomrom.[3] Vasstanden var varsla til å verte 50-80 cm over normalen. Ved Måløy vart det varsla 75-80 cm, noko som til då var det høgaste som var varsla her nokon gong.[3] I Bergen rann vatnet over kaikanten og inn i første etasje av bygningane på Bryggen.[4].

Mange ferjer og hurtigbåtar, samt flyavgangar på Vestlandet vart innstilt under stormen.[5] Hurtigruta måtte legge til kai i Ålesund og kom seg ikkje vidare på grunn av uvêret.[6]. Alle fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet var stengde, bortsett frå Filefjell.[4] Togtrafikken vart òg råka av uvêret, og både på både ved Hallingskeid og i Østfold blåste tre ned over jernbanelinja og tok med seg kontaktlinjene.[7]

Fleire stader blåste tak av bygningar, mellom anna på eit parkeringshus ved Bergen lufthamn, Flesland,[8] og ei kvinne i Rogaland vart skadd då ho vart råka av eit tre som blåste overende.[5] Eit hus under påføring blåste òg overende i Sandnes.[9] Både på Sør- og Austlandet førte kraftig vind òg til rotvelta tre.

Fleire naust og sjøhus vart knust og tatt av bølgjene.[9]

Vindmålingar[endre | endre wikiteksten]

Tabellen viser kraftigast vind mellom kl. 07 og 19 den 12. januar 2005.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Utsira fyr 31 41 kl. 10-11 12. jan
Kråkenes fyr 31 40 kl. 17-18 12. jan
Lindesnes fyr 31 - kl. 18-19 12. jan
Fedje 27 36 kl. 07-10 12. jan
Torungen fyr 27 33 kl. 13-16 12. jan
Obrestad fyr 26 33 kl. 11-12 12. jan
Kvamsøy i Hardanger 26 31 kl. 13-16 12. jan
Lista fyr 24 31 kl. 10-11 12. jan
Jomfruland fyr 24 30 kl. 13-16 12. jan
Strømtangen fyr 23 28 kl. 13-16 12. jam
Prestebakke 23 - kl. 18-19 12. jan
Oksøy fyr 22 35 kl. 11-12 12. jan

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heidi Hjorteland: «Dampskipskai blir advokatmat» 8. april 2008 i aftenbladet.no
  2. «Det verste uværet». Meteorologisk Institutt. 21. september 2008. Henta 30. september 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Stormen Inga herjer langs Vestlandet». vg.no. 12. januar 2005. Henta 27. oktober 2008. 
  4. 4,0 4,1 «Inga gjorde mye skade langs kysten». dagbladet.no. 12. januar 2005. Henta 28. oktober 2008. 
  5. 5,0 5,1 «Se film fra Hellestø». rogalandsavis.no. 13. januar 2005. Henta 27. oktober 2008. 
  6. ««Inga» stanset hurtigruten». Nettavisen. 12. januar 2005. Henta 27. oktober 2008. 
  7. «Uværet skaper trafikkaos». aftenposten.no. 12. januar 2005. Henta 27. oktober 2008. 
  8. «Taket blåste av». vg.no. 12. januar 2005. Henta 27. oktober 2008. 
  9. 9,0 9,1 ««Inga» ble et kraftfullt bekjentskap». Stavanger Aftenblad. 13. januar 2005. Henta 27. oktober 2008.