Ekstremvêret Jostein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostein var eit uvêr som mista status som ekstremvêr, det einaste ekstremvarselet så langt som er trekt tilbake. Varselet vart sendt ut 28. august 2005 med fare for full storm på kysten frå Måløy til Smøla og med sterk storm ved Stad. Etter kvart som det kom nyare prognosar viste det seg at utviklinga ikkje vart så kraftig som først venta, og vinden blåste parallelt med kysten i staden for å stå rett inn på. Det vart likevel kraftig vind for å vere i august.

Vind[endre | endre wikiteksten]

Kraftigast vind frå føremiddagen 29. august til morgonen 30. august.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Vindretning Tidspunkt
Kråkenes fyr 36 43 SV kl. 14-17 29. aug.
Svinøy fyr 35 46 VSV kl. 14-17 29. aug.
Ona 28 35 VSV kl. 17-18 29. aug.
Nordøyan fyr 28 33 SV kl. 02-05 30. aug
Sula 26 34 SV kl. 18-19 29. aug
Veiholmen 26 32 SV kl. 17-18 29. aug
Sklinna fyr 25 31 V kl. 05-06 30. aug
Buholmråsa fyr 23 30 SV kl. 18-19 29. aug
Kjøremsgrendi 23 - V kl. 17-18 29. aug
Namdalseid 23 - V kl. 02-05 30. aug
Hjelvik 23 - S kl. 07-08 30. aug.
Færder fyr 19 23 SV kl. 11-12 29. aug.
Værnes 17 24 V kl. 23-00 29. aug.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]