Ekstremvêret Kristin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flaum i Bergen under Kristin.

Kristin var det første ekstremvarselet som vart sendt ut av Meteorologisk Institutt på grunn av store nedbørmengderVestlandet. Fleire stader fekk godt over 100 mm nedbør i løpet av 24 timar frå 13. til 14. september 2005, og enkelte stader fekk over 200 mm. Fleire stader kom mykje av nedbøren på berre 12 timar. I Bergen vart det sett ny nedbørsrekord for eit døgn med 156,5 mm [1] og mange andre stasjonar sette ny rekord for september. Mest nedbør vart det målt på Opstveit i Matre i Kvinnherad med 179,5 mm på 24 timar. Dette er det meste som nokon gong er målt i Noreg i september. Prognosar i forkant viste derimot at område der det ikkje står målingar kunne få så mykje som 210 mm.[2] NVE sendte ut flaumvarsel, og opplyste at spesielt Bergensområde var utsett, men rekna berre med 100 mm nedbør på det meste.[3].

Dei store nedbørmengdene i løpet av så kort tid førte til ras fleire stader, mellom anna ved Hatlestad i Bergen der to personar mista livet då huset deira vart råka.

Utvikling og verknad[endre | endre wikiteksten]

Årsaka til den kraftige nedbøren var at restane av dei tropiske orkanane Maria og Nate gjekk nordover i Atlanterhavet, omforma seg til vanlege lågtrykk og førte med seg mykje fukt sørfrå. Sterkt medverkande til at det fall så mykje nedbør var at fronten i samband med lågtrykka vart liggande i ro over Vestlandet, og flytta seg ikkje austover slik dei som oftast gjer.

Utover ettermiddagen og kvelden den 13. oktober sette nedbøren i gang for fullt og skapte problem mange stader. Mange vegar vart stengd på grunn av så mykje vatn i vegen at bilane risikerte å få vatnet inn.[4] Alle stader voks små bekkar til elvar og mange stader rann vatnet inn i kjellarane til folk.

Natt til 14. september tok nedbøren ytterlegare til og det gjekk etter kvart mange ras. Fleire vegar vart øydelagde, men verst gjekk det ved Hatlestad i Fana der eit ras i ein bratt skråning råka eit rekkehus. Tre personar omkommer og sju andre vart skadde[5]

Ved Nesttun i Bergen gjekk Nesttunvassdraget langt over sine breidder og strøymde gjennom eit parkeringshus og kjøpesenter som er bygd over elva.[6] Ei stund var det frykta at delar av kjøpesenteret skulle rase saman fordi ein av berebjelkane i bygget hadde falle 50 cm. Sikringsarbeidet kom derimot raskt i gang og faren vart avblåst.[7]

Mest nedbør[endre | endre wikiteksten]

På stadane der det står oppført gammal septemberrekord vart det sett ny septemberrekord under Kristin. Nedbøren er målt frå kl. 08 13. september til kl. 08 14. september.

Stasjon Nedbør siste 12 timar
13. sep. kl. 20
(mm)
Nedbør siste 12 timar
14. sep. kl. 08
(mm)
Nedbør siste 24 timar
14. sep. kl. 08
(mm)
Gammal
septemberrekord[8]
(mm)
Merknad
Opstveit i Matre - - 179,5 124,5 (2003) Ny nasjonal rekord for døgnnedbør i september
Eikemo - - 177,2 105,0 (1966) Nedbørsrekord uansett månad
Haukeland - - 164,7 162,4 (1966)
Øystedal - - 160,0 114,1 (1966) Nedbørsrekord uansett månad
Bergen 46,0 110,5 156,5 119,0 (1901) Nedbørsrekord uansett månad
Grøndalen - - 155,5 123,1 (1983) Nest høgaste døgnnedbør som nokon gong er målt.
Brekke i Sogn - - 145,5 126,0 (1975)
Hundseid i Vikedal - - 143,5 95,0 (1966) Ny døgnrekord i Rogaland i september uansett stasjon
Eikanger - - 139,4 83,4 (1975) Nedbørsrekord uansett månad
Eikefjord - - 137,1 110,1 (1975)
Modalen 39,6 92,5 132,1 107,0 (1987)
Kvamskogen 31,5 96,0 127,5
Frøyset - - 126,9 101,9 (1966)
Takle 28,0 97,0 125,0
Stend i Fana - - 125,0 86,1 (1975)
Hatlestrand - - 124,5 68,5 (1969) Nedbørsrekord uansett månad
Husnes - - 124,1 71,3 (1991) Nedbørsrekord uansett månad
Vintertun - - 111,0 114,1 (1966)
Kvåle - - 104,8 90,3 (1966)
Kvamsøy i Hardanger 36,5 68,4 104,9
Flesland 35,0 67,2 102,2 92,0 (1975) Nedbørrekord uansett månad
Nedre Vats 10,9 35,0 102,1 80,8 (1988) Nest høgaste døgnnedbør som nokon gong er målt.
Eik 6,3 5,1 89,8
Mjølfjell - 10,2 86,7
Fister 5,5 19,4 83,6
Førde 19,8 19,4 83,0

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ny nedbørsrekord». 14. september 2005. 
  2. «Her kommer orkan-regnet». vg.no. 13. september 2005. Henta 28. oktober 2008. 
  3. «Varsler flom». ba.no. 13. september 2005. Henta 28. oktober 2008. 
  4. «Enormt regnkaos på Vestlandet». vg.no. 14. september 2005. Henta 28. oktober 2008. 
  5. «En omkom i skredulykke». 14. september 2008. Henta 28. oktober 2008. 
  6. «Flomkaos på Nesttun». ba.no. 14. september 2008. Henta 28. oktober 2008. 
  7. «Nesttunsenteret raser ikke sammen». ba.no. 14. september 2005. Henta 28. oktober 2008. 
  8. «Klimatologisk månedsoversikt - september 2005». Meteorologisk institutt. september 2005. Henta 28. oktober 2008.