Hopp til innhald

Ekstremvêret Loke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser nedbørsmengdene som kom under Loke, fleire stader innanfor Vestlandskysten fekk over 200 mm.
Foto: Meteorologisk Institutt

Loke var eit ekstremvêr som råka Vestlandet 14. og 15. november 2005 med særs store nedbørsmengder. Dette var det andre ekstremvêret denne hausten som råka Vestlandet med store nedbørsmengder. Prognosane viste at det kunne kome mellom 150 og 200 mm på 24 timar og det vart derfor sendt ut eit ekstremvarsel frå Meteorologisk Institutt.

Aller mest nedbør kom det på stasjonen Opstveit i Matre i Kvinnherad kommune med 223,0 mm på 24 timar. Uansett månad var dette den nest høgaste nedbørsmengda som har kome på eit døgn i Noreg sidan målingane starta i 1867. Noregsrekorden er på 229,6 mm ved Indre Matre, som ligg like ved, den 26. november 1940.

Mest regn kom det døgnet fram til morgonen 15. november, men det regna òg særs mykje dagen før og fleire stader stader nye rekordar for nedbør over to døgn. Mellom anna fekk Lærdalsøyri 102,2 mm på to døgn, som var ny rekord, medan Takle, begge i Sogn og Fjordane, fekk 226,5 mm (111,4 og 115,1 mm dei to dagane).

Regnvêret førte til 50-årsflaum på Vestlandet, det vil sei flaum som er så stor at han statistisk sett berre oppstår ein gong kvart 50. år.

I Åsane i Bergen vart eit hus under oppføring tatt av ras. Sju personar vart råka av raset, og av desse omkom ein mann, medan to andre vart lettare skadde.[1] I Jølster vart eit hus på ein gard delvis knust av eit 50 meter breitt ras.[1] I Fjaler vart eit bustadhus råka av eit steinras. Ingen vart skadde, men 14 personar i området vart evakuerte.[1] 15 personar vart òg evakuerte på Voss då eit ras hamna mellom to bustadhus. I Ytre Matre i Kvinnherad, ikkje lang frå Opstveit der dei største nedbørmengdene vart målt, vart ein låve skyve inn i eit bustadhus og tre personar vart innesperra.[1]

Fleire vegar vart stengde på grunn av ras, mellom anna Rv57 og Rv7, Rv55 og E39, medan andre vegar vart stengde på grunn av overvatn.[2][3] I Sogn og Fjordane var heile 19 vegar stengde på grunn av uvêret.[4]E16 førte ras til at begge inngange av Langhelletunnelen mellom Trengereid og Vaksdal vart sperra av jordmassar og 50 bilar vart stengde inne.[1]

Nedbørmålingar

[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsmålingane er gjort mellom kl. 07 den 14. november til kl. 07 den 15. november[5]

Stasjon Kommune Fylke Nedbør (mm)
OpstveitKvinnheradHordaland223,0
Bjørheim i RyfylkeStrandRogaland145,7
Nedre VatsVindafjordRogaland117,5
TakleGulenSogn og Fjordane115,1
SvilandSandnesRogaland115,0
Hundseid i VikedalVindafjordRogaland114,6
HellandsbygdSaudaRogaland107,2
SaudaSaudaRogaland106,9
KvamskogenSamnangerHordaland102,1
LavikHøyangerSogn og Fjordane99,5
HaukedalFørdeSogn og Fjordane89,6
BergenBergenHordaland88,2
HatlestrandKvinnheradHordaland87,7
TyssdalOddaHordaland82,5
SæbøØrstaMøre og Romsdal79,0
LitlabøStordHordaland76,7
SkreådalenSirdalVest-Agder75,0
ModalenModalenHordaland72,5
Skei i JølsterJølsterSogn og Fjordane72,5
FørdeFørdeSogn og Fjordane72,2
EikLundRogaland70,8
DaviknesBremangerSogn og Fjordane70,2
VågsliVinjeTelemark70,3
HovlandsdalFjalerSogn og Fjordane67,8
Viksdalen i GaularGaularSogn og Fjordane66,7
FiskåbygdVanylvenMøre og Romsdal66,3
TafjordNorddalMøre og Romsdal64,5
BråtåSkjåkOppland59,7
SvelgenBremangerSogn og Fjordane59,1
KinsarvikUllensvangHordaland58,5
LærdalsøyriLærdalSogn og Fjordane58,1
Ekset i VoldaVoldaMøre og Romsdal57,1
StrynStrynSogn og Fjordane56,1
NordfjordeidEidSogn og Fjordane55,0
SirdalSirdalVest-Agder54,3
EresfjordNessetMøre og Romsdal54,3
KvåleJondalHordaland53,9
FinseUlvikHordaland52,9
SunndalsøraSunndalMøre og Romsdal50,3
VermaRaumaMøre og Romsdal50,2
  1. 1 2 3 4 5 «Over 10.000 isolert». Aftenposten. 14. november 2005. Henta 29. oktober 2008.
  2. «Komplett kaos i monsterregnet». bt.no. 14. november 2005. Henta 29. oktober 2008.
  3. «Monsterregn skaper kaos». vg.no. 14. november 2005. Henta 29. oktober 2008.
  4. «Mange stengde vegar i fylket». firda.no. 14. november 2005. Henta 29. oktober 2008.
  5. «Nær norgesrekord på Opstveit i Hordaland». Meteorologisk Institutt. 15. november 2005. Henta 29. oktober 2008.