Ekstremvêret Narve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Figuren viser den synoptiske situasjonen den 20. januar 2006 då ekstremvêret Narve var på sitt sterkaste. Eit høgtrykk ligg over Kolahalvøya, medan eit lågtrykk ligg over Jan Mayen. Legg merke til dei tette isobarane over Midt- og Nord-Noreg, som gav den kraftige vinden. Kjelde: Meteorologisk Institutt

Ekstremvêret Narve var eit uvêr som råka Midt- og Nord-Noreg frå 17. januar til 20. januar 2006 med vind opp mot full til sterk storm i kombinasjon med låge temperaturar. Ekstremvêret varte berre til 20. januar, men det blåste storm heilt til 22. januar i Nord-Noreg.

Som oftast når ein har ekstremvêr med kraftig vind er det eit uvanleg kraftig lågtrykk eller eit polart lågtrykk som er årsaka, og den sterkaste vinden varer gjerne berre nokre timar. Slik var det derimot ikkje med «Narve». Eit kraftig høgtrykk låg over Kolahalvøya og Sibir og førte iskald luft frå Russland og innover Nord-Noreg. I Russland var det stader som målte under −50 °C, medan Finnmark hadde temperatur mellom −10 °C og −25 °C. Samtidig kom det eit lågtrykk inn over Jan Mayen, som vart liggande her og «stange» mot høgtrykket i aust. Verken lågtrykket eller høgtrykket var uvanleg kraftig, men kombinasjonen av desse to førte til ein svært stor trykkgradient (trykkskilnad) over områda som vart råka. I tillegg bles vinden stort sett frå søraust, ein vindretning som svært sjeldan gjev så kraftig vind. Dette førte til at område som sjeldan vert råka av stormane ein kvart år har på kysten fekk svært kraftig vind. Spesielt i Nord-Noreg gjorde òg kombinasjonen låge temperaturar og kraftig vind til at den effektive temperaturen vart svært låg. Ein temperatur på -20 °C vil i full storm kjennast ut som -40 °C, og på 5-10 minutt kan ein få fryseskadar på berr hud. Dei låge temperaturane førte til kraftig ising i fjordane i Finnmark. I tillegg til alt dette hadde ein ikkje kraftig vind i berre nokre timar, men i fleire dagar.

Område som vart råka[endre | endre wikiteksten]

Narve råka Namdalen, Nordland, Troms og kyst- og fjordstrøka i Vest-Finnmark. Kraftigast vind vart det frå Namdalen til Ofoten og i fjordstrøka av Finnmark.

I Nordland og Troms byrja det blåse opp i søraust liten storm fleire stader 18. januar, bl.a. i Bodø. Dagen etter auka vinden til søraust full storm i Nordland, bl.a. i Saltdal og Fiplingvatn, medan vinden heldt seg på liten storm i Troms. I tillegg hadde ein svært sterke vindkast, opp til 37 m/s i Sandnessjøen og 36 m/s i Brønnøysund. Sørkjosen i Troms hadde vindkast på heile 38,5 m/s.

Finnmark fekk kraftig vind allereie 17. januar med søraust full storm på Fruholmen fyr og i Båtsfjord, og liten storm fleire stader i Vest-Finnmark. På Fruholmen vart vindmålaren øydelagd av den kraftige vinden, så her har ein ikkje vindmålingar frå stormen etter 17. januar. Melkøya utanfor Hammerfest var ein av dei stadene som vart aller hardast råka. Her målte ein vind opp i sterk storm før vindmålaren vart øydelagd. Arbeidarane på Snøhvit LNG vart evakuerte frå Melkøya 19. januar, og frakta med båt til Alta og Lakselv.

Årsaka til uvêret[endre | endre wikiteksten]

Det var ikkje berre vindretninga (frålandsvind) som var det spesielle med dette ekstremvêret, for det var ikkje slik at det blåste jamt og trutt heile tida. Den kraftigaste vinden kom og gjekk med rolegare periodar innimellom. Det var heller ikkje spesielt kraftig vind over Sverige, Finland og på Finnmarksvidda. Den kraftigaste vinden var på lesida av fjella, i fjordane og uti havet. Temperaturforholda i atmosfæren spela ei viktig rolle. Temperaturen auka med høgda og ein hadde stabile atmosfæriske forhold over Midt- og Nord-Noreg. Temperaturinversjonen strekte seg 3000 m opp i høgda, som er langt over dei høgaste fjella i Nord-Skandinavia. Når den kalde og stabile lufta strøymde over fjella førte dette til lebølgjer eller fjellbølgjer på lesida av fjella. Energien frå desse bølgjene vart reflektert tilbake frå høgda, og ein fekk ein kraftig vindauke på lesida. Fleire stader vart denne straumen svært turbulent fordi bølgjene truleg braut i høgda, og dette skapte sterke vindkast i ein del dalar, fjordar og kyststrøk. Desse «vindkasta» kunne gjerne vare nokre timar før vinden roa seg ned igjen, for så å auka på igjen nokre timar seinare. Når fjella er brattare på lesida enn på losida, slik som i Nord-Noreg, vert effekten av fjellbølgjene større.

I tillegg var det relativt mild luft i havområda i vest, og den brå overgangen frå mild luft over havet i vest og iskald luft over land var med på å auke den kraftige vinden.

Ekstremvêret Narve og global oppvarming[endre | endre wikiteksten]

Det er ingen grunn til å tru at Narve hadde noko som helst med global oppvarming og auka sjans for ekstremvêr og gjere. Tvert imot var det den svært kalde lufta som var med på å gjere situasjonen ekstrem.

Vindobservasjonar[endre | endre wikiteksten]

Lista under viser dei kraftigaste vindane som vart målt i perioden uvêret varte. Temperaturane som er gjevne er den lågaste temperaturen som vart målt innanfor tolvtimarsperioden då den høgaste vindstyrken vart registrert. Så minimumstemperature og vindmaksima oppstod ikkje nødvendigvis samstundes.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt Min. temp. under
maks. vind (°C)
Sklinna fyr 30 36 17. januar 19-22 +1,2
Kråkenes fyr 27 38 19. desember 06-07 +1,7
Buholmråsa fyr 27 36 17. & 20. januar +0,2
Nordøyan fyr 27 31 20. januar kl. 04-05 -4,5
Saltdal 27 -- 20. januar kl. 07 -16,1
Verdal 27 -- 20. januar kl. 07 -6,6
Namdalseid 27 -- 20. januar kl. 19 -7,0
Halten fyr 26 32 17. januar kl. 13-16 +2,6
Fruholmen fyr 25 31 17. januar kl. 13-16 --
Hekkingen fyr 25 29 19. januar kl. 23-00 --
Helligvær 24 32 18. januar kl. 01-04 -1,4
Myken 24 35 17., 19. & 20. januar +2,4
Vega 24 -- 20. januar kl. 07 -5,5
Bodø 23 32 17.-18. januar kl. 18-04 -2,2
Torsvåg fyr 23 28 18. januar kl. 01-04 +0,9
Tingvoll 23 -- 20. januar kl. 13 -0,1
Sletnes fyr 22 29 19. desember kl. 07-10 -14,2
Ørland 22 28 17. & 20. januar +1,1
Banak 21 27 17. januar kl. 18-19 -13,6
Tromsø 21 26 18. januar kl. 01-04 -3,5
Andøya 21 26 18. januar kl. 01-04 +0,1
Røst 21 27 19. januar kl. 07-10 --
Makkaur fyr 21 25 19. januar kl. 13-16 -15,9
Solvær 19 27 17. januar +0,8
Vardø 19 23 18. januar 00-01 -11,0
Bardufoss 16 27 17. januar kl. 13-16 -4,2
Skibotn 14 27 17. januar kl. 13-16 -5,6

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Dei lågaste temperaturane som vart målt denne perioden (17.-20. januar). Temperaturperioden gjeld dei siste 12 timane før måletidspunktet. Den kalde lufta på Finnmarksvidda var med på forsterke vinden ut fjordane i fylket, men det vart ikkje målt særleg sterke vindar på vidda.

Stasjon Temperatur
(°C)
Målt
Kirkenes -28,6 20. januar kl. 19
Karasjok -28,0 18. januar kl. 19
Kautokeino -27,7 20. januar kl. 19
Cuovddatmohkki -27,6 20. januar kl. 19
Tana -27,6 20. januar kl. 19
Sihcajavri -27,2 20. januar kl. 19
Suolovuopmilulit -25,8 20. januar kl. 19
Banak -22,7 20. januar kl. 19
Alta -19,5 20. januar kl. 19
Makkaur fyr -16,3 19. januar kl. 07

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]