Ekstremvêret Oda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ekstremvêret Oda var eit ekstremvêr som råka kysten frå Stavanger til Stad den 4. desember 2006. Ekstremvarselet som vart sendt ut av Meteorologisk Institutt gjaldt høg vasstand på kysten, og var det andre varselet som vart sendt ut i 2007. Årsaka til den høge vasstanden var høgt astronomisk tidvatn i kombinasjon med lågtrykk og kraftig pålandsvind som stuva vatnet opp langs kysten.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Vasstanden i Bergen vart målt til 2,12 m høgare enn middelvassstanden kl. 22 på kvelden[1], om lag 29 cm under den høgaste registrerte vasstanden i Bergen. Under ekstremvêret Inga, som var det førre ekstremvarselet sendt ut på grunn av høg vasstand, var derimot vasstanden opp til 2,20 cm.

I varsla til Meteorologisk Institutt var den vasstanden estimert til 55-65 cm over nivåa som er gjeve i tidvasstabellane. I tillegg vart det estimert vasstand 40-50 cm over denne høgda frå Stavanger til Rørvik, og frå svenskegrensa til Tregde 45-55 cm over denne høgda.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «- Toppen er nådd». Bergens Tidende. 4. desember 2006. Henta 27. november 2008. 
  2. «Ekstremværvarsel og vannstandsvarsel». Meteorologisk Institutt. 4. desember 2006. Henta 28. november 2008.