Ekstremvêret Per

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Per var eit uvêr som råka Sør-Skandinavia 14. januar 2007 med svært kraftig vind. Her til lands var det kysten av Vestlandet som fekk den kraftigaste vinden, med vindstyrke opp i 36 m/s (orkan) på Slåtterøy fyrBømlo i Hordaland. Dei fleste skadane kom mellom Haugesund og Bergen, men det var òg øydeleggingar på Austlandet. Fleire hus vart skada på grunn av tre som bles over ende, tak bles av både bustadhus og næringsbygg, og mange køyretøy fekk skadar, medan fleire båtar i hamner sokk. I Austevoll forsvann 300 000 småaure frå eit oppdrettsanlegg som følgje av uvêret.

Uvêret kom berre eit døger etter at frakteskipet MS «Server» gjekk på grunn og rivna i to ved Hellisøy fyrFedje. Dette gjorde avgrensinga av oljeutsleppet etter havariet umogeleg, men kan ha hatt ein positiv effekt sidan den grove sjøen meir eller mindre løyste opp olja i sjøen.

Per råka òg Danmark og Sverige med stor kraft, og i Sverige mista til og med tre menneske livet.

Ein tropisk orkan hentar energien sin i frå det varme havet, og døyr ut raskt etter han kjem over land, kraftige uvêr på våre breiddegrader kan derimot gå langt innover land før dei døyr ut, slik som tilfellet var med Per. Årsaka til dette er at lågtrykk på våre breiddegrader ikkje hentar energien sin frå det varme havet, men frå polarfronten, som skil den kalde polarlufta frå den varmare lufta i sør. Temperaturskilnaden i ein front inneheld mykje energi, og denne energien vert omdanna til lågtrykk og vind. Den fuktige lufta i frontsoner frigjev energi når lufta vert omdanna til nedbør, og denne energien vert brukt til å drive lågtrykkssystema. Derfor har det lite å seie om eit kraftig lågtrykk er over land eller hav. Vinden er derimot avhengig av underlaget, og ujamnt underlag, som over land, vil som regel bremse ned vinden, og derfor er ofte vinden kraftigare over sjø enn over land, og sterkare på opne fjellvidder enn i skogdekka landskap.

Vindobservasjonar[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Slåtterøy fyr 36 48 14. januar kl. 01-04
Utsira fyr 32 40 14. januar kl. 01-04
Midtlæger 29 38 14. januar kl. 07-10
Møsstrand 28 38 14. januar kl. 07-10
Lista fyr 27 33 14. januar kl. 10-11
Obrestad fyr 27 33 14. januar kl. 07-10
Kvitsøy 26 33 14. januar kl. 05-06
Kråkenes fyr 24 29 14. januar kl. 06-07
Færder fyr 24 35 14. januar kl. 07
Strømtangen fyr 24 33 14. januar kl. 07-10
Torungen fyr 23 29 14. januar kl. 00-01
Svinøy fyr 23 26 14. januar kl. 01-04
Kvamsøy i Hardanger 23 32 14. januar kl. 04-05
Flesland 22 32 14. januar kl. 05-06
Finse 22 29 14. januar kl. 07-10
Sola 21 28 14. januar kl. 07-10
Mandal 19 -- 14. januar kl. 07-10
Fet i Eidfjord 16 28 14. januar kl. 07-10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]