Ekstremvêret Rita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ekstremvêret Rita var eit uvêr med sterk vind som råka Finnmark og nordlege delar av Troms den 19. desember 2007. Lavtrykket passerte over Bjørnøya og austover i Barentshavet, nord for Finnmark. Uvêret gav vind opp i full til sterk storm frå vest og sørvest på dagtid og utover kvelden, men minka til nordvestleg sterk kuling seint på kvelden i Troms og til liten storm i Finnmark natt til 20. desember.

Kraftigast vind vart det målt på Fruholmen fyr i Finnmark med ein middelvind, gjennomsnittleg vind over 10 minutt, på 31 m/s, som er sterk storm, og vindkast på 40 m/s. Hekkingen fyr i Troms målte nest sterkast vind med 27 m/s, full storm, og kast opp i 33 m/s. Det var ingen vêrstasjonar utanom fyrstasjonane som målte vind høgare enn sterk kuling, sterkast var Andøya med 21 m/s og kast på 28 m/s.

Kriteriet for ekstremvêr er at det kan vere fare for liv og verdiar. Kva område som vert råka spelar òg ei stor rolle for utsending av ekstremvêrvarsel. I dette tilfellet vart det sendt ut ekstremvêrvarsel fordi stormen kom på dagtid og vinden stod rett inn mot kysten, slik at han kunne trengje lenger inn i land til dei busette områda. Ingen av vêrstasjonane innanfor dei ytste kystområda målte derimot vind av storm styrke, men det kan likevel ha vore område utan målingar som fekk særs kraftig vind. Vind sjølv opp i sterk storm på ein fyrstasjon er ikkje uvanleg i desse kystområda og oppstår som regel nokre gonger i året, og kan derfor kanskje ikkje karakteriserast som ekstremt.

Vindobservasjonar[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Fruholmen fyr 31 40 19. desember kl. 13
Hekkingen fyr 30 43 19. desember kl. 05-06
Rotvær 25 30 19. desember kl. 01-04
Sletnes fyr 24 35 19. desember kl. 18-19
Torsvåg fyr 24 31 19. desember kl. 16-17
Andøya 21 28 19. desember kl. 13-16
Alta 20 29 19. desember kl. 13-16
Bø i Vesterålen 20 28 19. desember kl. 13-16