Ekstremvêret Sondre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Sondre var eit ekstremvêr som råka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 25. januar 2008. Sondre vart rekna som ekstrem på grunn av stormflod.

I dagane både før og etter låg eit høgtrykk over det europeiske kontinentet, medan eit djupt lågtrykk låg stasjonært i Danmarksundet ved Island. Dette medførte kraftig vedvarande vestleg vind og lange periodar med kuling. I slike situasjonar vert vassmassane i Nordsjøen og Norskehavet stuva opp mot kysten slik at vasstanden vart høgare enn normalt. Tidlegare i veka oppstod det eit lågtrykk ved Newfoundland i Canada. Dette hamna inn i den kraftige vestavinden og gjekk raskt austover mot Norskehavet. Bølgjene som dette lågtrykket skapte forplanta seg om lag like raskt austover som lågtrykket (såkalla «moving fetch») og på den måten vart det heile tida bygd opp meir og meir sjø. Bølgjene vart derfor unormalt høge i forhold til vindstyrken lågtrykket gav.

Varsel om særs høge bølgjer gjorde at fleire oljeinstallasjonar i Nordsjøen måtte nedbemanne på grunn av at livbåtane på desse installasjonane ikkje taklar høge bølgjer, og enkelte av installasjonane stoppa i tillegg all produksjonen[1].

Kvelden 24. januar sende Meteorologisk Institutt ut eit ekstremvarsel på grunn av den høge vasstanden og dei høge bølgjene som var venta inn mot kysten. Frå Sognefjorden til Kristiansund var det omkring kl. 13 ei flo med vasstand omkring 60-75 cm over dei normale verdiane som er gjevne i tidvasstabellane. Fullmåne eit par dagar tidlegare gjorde òg at det var naturleg springflo.

Stormen gjekk inn i Norskehavet morgonen 25. januar og gav om lag så høge bølgjer i nordlege Nordsjøen (Tampen) som venta, opp mot 11-12 meter signifikant bølgjehøgd (snitt av den tredjedelen av bølgjene som er høgast), i tillegg til full storm. Inn mot kysten gav Sondre som venta stormflod i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men òg særs høg flo sørover langs heile kysten til og med Vestfold. Fleire stader på kysten av Nordvestlandet og fjellstrøka i Sør-Noreg fekk òg full storm, og i dei mest utsette plassane på Sunnmøre og ved Stad vart det målt sterk storm[2]. Båttrafikken i Møre og Romsdal stod stille medan uvêret varte, både på grunn av den kraftige vinden, dei høge bølgjene og fordi stormfloda gjorde det svært vanskeleg å ta seg om bord i båtane. I fjellstrøka i Sør-Noreg vart samtlege fjellovergangar stengd[3] Òg i Sverige førte kraftig vind til brot på straumnettet.[4]

Uvêret øydela både flytebrygger og nausttak, og førte til straumbrot fleire stader på grunn av tre og greiner som blåste ned på straumlinjene.[5] Utover dette og trafikkproblema førte stormen til få skadar.

Vindobservasjonar[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Kråkenes fyr 35 46 25. januar kl. 10-11
Ona 30 39 25. januar kl. 12-13
Svinøy fyr 27 36 25. januar kl. 11-12
Finse 27 41 25. januar kl. 11-12
Ytterøyane fyr 24 37 25. januar kl. 10-11
Nordøyan fyr 24 27 24. januar kl. 22-23
Halten fyr 23 29 24. januar kl. 19-22
Slåtterøy fyr 24 33 25. januar kl. 05-06
Fedje 24 32 25. januar kl. 04-05
Vigra 23 31 25. januar kl. 11-12
Hjelvik 23 -- 25. januar kl. 11-12
Tingvoll 23 -- 25. januar kl. 13
Fiskåbygd 23 -- 25. januar kl. 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Uværet rammer StatoilHydro». Oilinfo. Henta 27. januar 2008. 
  2. Kråkenes fyr ved Stad målte heile 35 m/s (126 km/t) som er orkan, men denne målestasjonen ligg på eit høgt nes ytst i havgapet og er ikkje heilt representativ for området rundt.
  3. «Full stopp på fjellet». siste.no. Henta 27. januar 2008. 
  4. «8-åring blåst på vannet». Dagbladet. Henta 27. januar 2008. 
  5. «Sondre fyller kjellere og stanser ferjer». Dagsavisen. Henta 27. januar 2008.