Ekstremvêret Tora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Tora var eit ekstremvêr som råka Sørlandet 30. oktober 2000 og Nordland dagen etter. Det gav vind opp i sterk storm, store nedbørmengder og ekstremt høg vasstand.

Lågtrykket som gav uvêret utvikla seg kraftig då det kom inn mot Storbritannia frå Atlanterhavet og nådde til slutt kysten av Rogaland. 28. oktober vart det sendt ut ekstremvarsel om svært kraftig vind på kysten av Agder og samstundes store nedbørmengder. Samstundes vart det sendt ut varsel om høg vasstand på kysten frå Bergen til svenskegrensa.

Midt på dagen 31. oktober låg lågtrykket over Nordvestlandet og flytta seg nordover samstundes som det vart i ferd med å svekkast. Det blåste framleis friskt fleire stader i landet og i Nordland vart det fleire stader registrert austleg liten storm.

Observasjonar[endre | endre wikiteksten]

Lista fyr målte den høgaste vinden med sterk storm på 31,5 m/s eller 113 km/t. Det sterkaste vindkastet var på 41,7 m/s eller 150 km/t. Elles på kysten var det registrert mellom 20 og 25 m/s (sterk kuling til full storm).

Dei største nedbørmengdene kom i sørlege område av Sør- og Austlandet. Mest kom det på Eik i Rogaland med 103,6 mm på 24 timar frå morgonen 30. oktober til morgonen 31. oktober. Nedbørnormalen for heile oktober er her 225 mm. I Vest-Agder målte Sirdal 80,7 mm og Konsmo 66,8 mm. Elles fekk mange målestasjonar på Sør- og Austlandet mellom 30 og 60 mm.

I Vefsn og Grane bles det ned om lag 170 000 m³ skog, det meste felt i vind frå austleg kant.[1]

Kraftigast vind[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Lista fyr 31,4 41,7
Obrestad 26,7 36,5
Utsira fyr 26,7 34,5
Lyngør fyr 26,7 -
Lindesnes fyr 26,7 -
Torungen fyr 24,7 -
Oksøy fyr 21,1 -

Mest nedbør[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Nedbør siste 12 timar
30. okt. kl. 20
(mm)
Nedbør siste 12 timar
31. okt. kl. 08
(mm)
Nedbør siste 24 timar
31. okt. kl. 08
(mm)
Eik 34,4 69,2 103,6
Sirdal 30,2 50,5 80,7
Konsmo 40,2 26,6 66,8
Rygge 30,8 22,5 53,3
Øyfjell 17,6 31,7 49,3
Prestebakke 32,3 15,2 47,5
Nedre Vats 5,5 35,0 40,5
Nelaug 35,2 5,1 40,3
Lyngda i Numedal 29,4 10,2 39,6
Tryvasshøgda 18,6 19,4 38,0

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]