Ekstremvêret Tuva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tuva var eit ekstremvêr som råka store delar av Sør-Noreg 31. januar 2008. Sjølv om det vart storm fleire stader i Sør-Noreg over to dagar, var det den kraftige sønnavinden som var varsla inn mot Sørlandet og områda austover mot svenskegrensa som var årsaka til ekstremvarselet. Frå Farsund til svenskegrensa vart det varsla opp mot full storm, i tillegg til høge bølgjer på kysten (signifikant bølgjehøgd på 6–7 m) og store nedbørmengder. Den kraftige nedbøren førte til at NVE sende ut flaumvarsel for Agder og Østfold. Det var venta kring 30–40 mm nedbør i løpet av 31. januar, ikkje særs store nedbørmengder, men i kombinasjon med mildvêr og snøsmelting, samt mykje nedbør i dagane og vekene før, var det fare for auka vassføring i dei fleste vassdraga i desse områda.[1]

Førre ekstremvarsel som vart sendt ut for denne kyststrekninga var ekstremvêret Gudrun i januar 2005.

Tuva var det andre ekstremvêret som råka landet i 2008. Berre ei veke tidlegare kom Sondre inn mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Eit lågtrykk hadde lege ved Island i over ei veke samstundes som det var høgtrykk over kontinentet. Dette skapte veka før ein kraftig vestavind innover mot Sør-Noreg, der mellom anna eit anna lågtrykk vart fanga opp og utvikla seg til ekstremvêret Sondre akkurat ei veke før. Dette råka Nordvestlandet med høg vasstand og sterk storm. Høgtrykket over kontinentet forsvann og det kunne sjå ut til at det vart rolegare vêr i vente for Noreg sin del. Eit relativt svakt lågtrykk kom derimot vestover i Nord-Atlanteren rundt 29.-30. januar, samstundes som lågtrykket ved Island omsider byrja å flytte seg sørover. Desse to svake lågtrykka smelta i hop sør for Island 30. januar og utvikla seg med ein eksplosiv fart til eit stormsenter. I løpet av 24 timar utvikla lågtrykket seg frå 1 000 hPa sør for Island til nærare 950 hPa ved Shetland. Natt til 31. januar vart det observert sterk storm (30 m/s) på Shetland.

Skadar og omfang[endre | endre wikiteksten]

Danskebåtane frå Kristiansand til Danmark kansellerte rutene sine på grunn av kraftig vind og høge bølgjer.[2] Dei fleste fjellovergangane i sørlege fjellstrøk vart stengd, og det same vart ferjesambandet Mortavika-Arsvågen over Boknafjorden i Rogaland. [3] Det var i samband med kaldfronten til lågtrykket at ein fekk den kraftigaste vinden. Midt på dagen råka uvêret Agderfylka, og i Kristiansand bles taket av ein aldersheim.[4] Det var derimot berre dei ytste fyrstasjonane som målte vind opp i storm styrke, og berre Torungen fyr målte full storm med 27 m/s og vindkast på 34 m/s (122 km/h). På Kjevik i Kristiansand vart det målt sterk kuling på 18 m/s med kast på 26 m/s (94 km/h).

Kaldfronten og den kraftige vinden flytta seg austover frå Sørlandet til Vestfold på ettermiddagen der fleire tre bles over vegane og skapte problem for både bil- og togtrafikk.[5]Vestfoldbanen bles eit tre over ei av vognene ved Stokke stasjon nær Tønsberg.[6] Seinare på ettermiddagen og på kvelden var det Østfold sin tur. Her førte stormen til at tak bles av bygningar på tre forskjellige stader. I tillegg bles ei mengd tre over kraftlinjene frå Agder til Østfold slik at mange stader var utan straum.[7] Totalt skal 6 000 abonnentar ha vore utan straum.[8] Ferjene over Oslofjorden vart innstilt på grunn av uvêret.[9] Òg i Østfold var det berre fyrstasjonen Strømtangen fyr som målte vind opp i storm styrke. Her vart den kraftigaste vinden målt til 23 m/s (liten storm) med vindkast opp i 33 m/s (119 km/h).

Lenger inne i landet var det langt mindre vind, men kraftig nedbør i samband med frontane som passerte austover gav enkelte problem. Kraftig snøfall førte til at flytrafikken på Oslo lufthamn vart kraftig forseinka[8] og på Romerike oppstod det kring 30 bilulukker.[10]

Danmark vart òg råka av Tuva, og Storebæltsbrua mellom Fyn og Sjælland vart stengd for biltrafikk på grunn av den kraftige vinden. Dette var berre fjerde gong at brua måtte stengast på grunn av vind. Fleire stader i Østjylland vart det meldt om skadar på grunn av vinden.[11]

I Sverige mista 27 000 husstandar straumen utpå kvelden 31. januar på grunn av den kraftige vinden som var opp i 35 m/s (126 km/h) enkelte stader på vestkysten. Mange tre velta òg her, og snøfallet skapte store problem i trafikken, der mellom anna tre menneske omkom i ei bilulykke.[12]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melding for lavereliggende områder i Agder og Østfold». nve.no. Henta 31. januar 2008. 
  2. «Tuva er her». yr.no. Henta 31. januar 2008. 
  3. «Vegrapport - Viktigste nyhetsmeldinger 31.01.08 kl. 13.40». vegevesen.no. Henta 31. januar 2008. 
  4. «Taket blåste av aldershjem». aftenposten.no. Henta 1. februar 2008. 
  5. «Politiet: - Hold dere inne!». aftenposten.no. Henta 1. februar 2008. 
  6. «Tre fall over tog på Vestfoldbanen». dagbladet.no. Henta 1. februar 2008. 
  7. «3000 kunder uten strøm». aftenposten.no. Henta 1. februar 2008. 
  8. 8,0 8,1 «Tuva tok tak, trær og kraftledninger». vg.no. Henta 1. februar 2008. 
  9. «Østfold: Flere tak har blåst av». aftenposten.no. Henta 1. februar 2008. 
  10. «Tuvas herjinger». nrk.no. Henta 1. februar 2008. 
  11. «Storebæltsbroen stengt på grunn av uvær». aftenposten.no. Henta 1. februar 2008. 
  12. «Orkanvindar på västkusten». aftonbladet.se. Henta 1. februar 2008.