Hopp til innhald

Ekstremvêret Yrjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêret Yrjan var eit ekstremvêr som råka Vesterålen, Troms og Finnmark den 17. desember 2002. Dette vart det einaste ekstremvêret i 2002, men seinare på vinteren, i januar 2003, vart Midt-Noreg råka av ekstremvêret Agda.

Troms og vestlege område av Finnmark observerte sterk storm, medan enkelte område i Aust-Finnmark fekk full storm og i Vesterålen liten storm, som ikkje karakteriserer til ekstremvêr. I indre område, som Narvik og Nordstraum i Kvænangen vart det observert sterk kuling, som er uvanleg her.[1]

Hendinga fekk brei dekning i media, særleg i områda uvêret gjaldt for, og innbyggjarar i området var generelt godt førebudd. Det vart ikkje rapportert om skadar etter uvêret. Noko trafikkproblem vart det likevel og Hurtigruta låg vêrfast i Tromsø i fleire dagar. Fleire vegar stengd før uvêret slo til.[1]

Kraftigast vind

[endre | endre wikiteksten]
Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Helnes fyr31-
Fugløykalven fyr3034
Fruholmen fyr2938
Sletnes fyr2532
Torsvåg fyr2434
Nordøyan fyr2431
Skrova fyr2430
  1. 1 2 Unni Thomsen og Olav Erikstad (2002). «Årsrapport 2002» (PDF). Meteorologisk Institutt. s. 15-17.