Ekte gummitre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ekte gummitre
Ekte gummitre
Ekte gummitre
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiing av slekta Hevea
Utbreiing av slekta Hevea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vortemjølkfamilien Euphorbiaceae
Slekt: Hevea
Art: Ekte gummitre H. brasiliensis
Vitskapleg namn
Hevea brasiliensis

Ekte gummitre (Hevea brasiliensis), paragummitre eller parakautsjuktre,[1] er ein blomstrande plante som tilhøyrer vortemjølkfamilien, Euphorbiaceae. Det er det mest økonomisk viktige medlemmen av slekta Hevea fordi den melkeaktige lateksvæska ekstrahert frå treet er primærkjelda til naturgummi.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gummitre i Jardim José do Canto på Asorane.

Gummitreet er eit høgt lauvtre som veks til ei høgde på opptil 43 meter i naturen. Stammen er sylindrisk og kan ha ein solid flaskeforma base. Borken er litt brun, og den indre borken oser av lateks når han er skadd. Blada har tre bladflik og er spiralforma. Blomstringa inkluderer separate hann- og hoblomstrar. Blomstrane er skarpe, kremgule og har ingen kronblad. Frukta er ein kapsel som inneheld tre store frø; kapselen opnar eksplosivt når han er moden.[2]

Plantasjar[endre | endre wikiteksten]

I naturen kan treet nå ei høgde på opptil 43 meter, men som dyrka tre blir det vanlegvis mykje mindre fordi tapping av lateks avgrensar veksten av treet. Den kvite eller gule lateksen finst i latekskar i borken, for det meste utanfor silvevet. Desse kara løper oppover treet i ein høgrehendt spiral som dannar ein vinkel på omtrent 30 grader med horisontalflata, og kan vekse så høgt som 15 meter.[3]

På plantasjar er trea generelt mindre av to grunnar: 1) trea veks saktare når dei blir tappa for lateks, og 2) trea blir generelt kutta ned etter berre 30 år, fordi lateksproduksjonen søkk når trea eldast, og dei blir mindre økonomisk produktive. Treet krev eit tropisk eller subtropisk klima med minst 1200 mm nedbør per år, og ingen frost.[4] Viss frost oppstår, kan resultata vere katastrofale for produksjonen. Éi hending med frost kan føre til at gummien frå ein heil plantasje blir sprø og går i oppløysing når gummien har vorte raffinert.[5]

Lateksutvinning
Utvinning av lateks

Det tar mellom sju og ti år før gummitreet kan haustast første gongen.[6] Arbeidarar gjer skrå snitt gjennom borken, akkurat djupe nok til å tappe kara utan å skade veksten til treet, og lateksen samlast i små bøtter. Denne prosessen er kjent som gummitapping. Lateksproduksjon er svært variabel frå tre til tre og over klontypar.[3]

Gummitreet som trevirke

Ettersom lateksproduksjonen søkk med alderen på treet, blir gummitre vanlegvis felt når dei når 25 til 30 år gamle. Den tidlegare praksisen var å brenne trea, men dei siste tiåra har treet vorte hausta til bruk i møblar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg fanst det søramerikanske gummitreet berre i regnskogen i Amazonasbassenget. Aukande etterspurnad og oppdaginga av vulkaniseringsprosessen i 1839 førte til gummibommen og brakte velstand i Belém, Santarém og Manaus i Brasil og til Iquitos i Peru frå 1840 til 1913.

I Brasil var det opphavlege namnet på planten pará-gummitre, avleidde av namnet på provinsen Grão-Pará. I Peru vart treet kalla árbol del caucho, og lateksen ekstrahert frå det vart kalla caucho. Dei innfødde som budde i det geografiske utbreiingsområdet nytta trea til å skaffe gummi. Olmekfolket i Mesoamerika hausta og produserte liknande former for primitiv gummi frå analoge lateksproduserende tre som Castilla elastica så tidleg som for 3600 år sidan. Gummien vart mellom anna brukt til å lage ballar til det mesoamerikanske ballspelet.[7] Tidlege forsøk vart gjort i 1873 for å dyrke det ekte gummitreet utanfor Brasil. Etter litt innsats spira 12 frøplantar ved den botaniske hagen Kew i London. Desse vart sende til India for dyrking, men døydde. Eit anna forsøk vart deretter gjort, der 70 000 frø vart smugla frå Brasil til Kew i 1875.[8] Omtrent fire prosent av desse spira, og i 1876 vart ca. 2000 frøplantar sende til Sri Lanka og 22 vart sende til ein botanisk hage i Singapore.

Etter dette spreidde gummitreet seg i Asia. Gummitre vart ført til den botaniske hagen i BuitenzorgJava. I 1898 hadde det vorte etablert ein gummiplantasje i britisk Malaya, med importerte kinesiske feltarbeidarar som den dominerande arbeidsstyrken i gummiproduksjonen tidleg på 1900-talet.

Dyrking av treet i Sør-Amerika enda tidleg på 1900-talet på grunn av utbrot av plantesjukdommar.[4] Gummiproduksjon flytta deretter til andre delar av verda der han ikkje var påverka av lokale plantesjukdommar.[9] I dag er dei fleste gummitreplantasjar i Sør- og Søraust-Asia, og dei beste gummiproduserande landa i 2011 var Thailand, Indonesia, Malaysia, India og Vietnam.[10]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Halvor Aarnes, UiO (05-06-2005). «Botanikk, oversyn emne» (PDF). Henta 19. januar 2021. 
  2. «Hevea brasiliensis (Willd. ex A.Juss.) Müll.Arg.». Plants of the World online. Kew Science. Henta 19. januar 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Rubber tapping». FAO. Henta 19. januar 2021. 
  4. 4,0 4,1 "Elastomer-The rubber tree", Encyclopædia Britannica, 2008
  5. «The rubber tree». FAO. Henta 19. januar 2021. 
  6. «Natural rubber from dandelions». 
  7. Langenheim, J.H. (13 January 2010). «Introduction to Rubber Usage among the Maya». Maya Archaeology. Henta 19. januar 2021. 
  8. «The Brazilian Armed Forces: Current changes, new challenges», Dreifuss, R. Armand. I JOHN OLSLICK ELDER STREET THIEF KKALAJOA554977 ternational Seminar Research Committee Armed Forces and Society, Romania, 2002. Henta 19. januar 2021 frå «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2009-07-31. Henta 19. august 2009. 
  9. Prance, Ghillean (2005). Prance, Ghillean; Nesbitt, Mark, red. The Cultural History of Plants. Routledge. s. 28. ISBN 0415927463. 
  10. «The Top 5 Rubber Producing Countries». Top 5 of Anything. Henta 19. januar 2021.