Ekte sypress

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Ekte sypress
Ekte sypress
Ekte sypress
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Bartre Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Cupressoideae
Slekt: Cupressus
Art: Ekte sypress C. sempervirens
Vitskapleg namn
Cupressus sempervirens
Ekte sypress

Ekte sypress eller middelhavssypress (Cupressus sempervirens) er eit høgt, slankt bartre av sypresslekta i sypressfamilien. Den opphavlege varianten (Cupressus sempervirens var horizontalis) er frå Kreta, Egearhavet og kysten av Tyrkia. Andre variantar er mykje utbreitt.

Dei fleste variantar har kulturelt opphav i Midtausten, Tyrkia og Kypros, men veks no vilt i store bestandar i Italia, Frankrike, Spania og Nord-Afrika.

Den vert inntil 35 meter høg, og har konisk, høgreist kroneform. Treet kan verta 1 000 år gammalt, og dei halve centimetrane lange hannkonglene slepp sina pollen allereie i februar-mars. Dei 4 cm lange hokonglene er brune og runde med få.

Variantar med oppovervoksende greiner og ekstra slank form vert kalla festigiate (eller festigiata). Dette er populære park- og allétrær òg i tempererte strøk som Sør-Afrika, Australia, USA, Canada, Storbritannia og den sørlege Norden.

  • * Cupressus sempervirens var. horizontalis (opphavleg, truga)
  • * Cupressus sempervirens var. sempervirens
  • * Cupressus sempervirens var. festigiata (oppreist, slank variant)
  • * Cupressus sempervirens var. stricta (oppreist, konisk variant)

Sypress er ei art som har utbreiing i landa rundt Middelhavet, og er bokstaveleg talt mykje av eit landemerke for landskapet i denne regionen, ikkje minst i Italia. Den er òg ei kulturplante som vart dyrka allétre sidan Romerriket. Ei rekkje kunstmalarar har målt landskap med høgreiste og oppovervoksende sypressar under opphald i Italia og andre middelhavsland.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]