Ekteskap i kristendommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein austromersk giftering viser Jesus som sameiner mann og kone.

Eit monogamt ekteskap mellom mann og kvinne står sentralt innanfor kristendommen. Kristne institusjonar har lagt ned strenge reglar gjennom tidene, både for reglar og ritual ved inngåinga av ekteskap, det gifte samlivet og ei eventuell oppløysing av ekteskapet. Slike reglar har prega lovverket i mange kristne land.

Både det Gamle og det Nye testamentet liknar bandet mellom to ektefellar med bandet mellom Gud og dei som dyrkar han. I seinare kristen tradisjon er ekteskapet blitt opphøgd til noko heilag, gjerne livsvarig og i somme høve eit sakrament.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupet i Kana (1590). Måleri av Marten de Vos.

Tidlege kristne var påverka av jødiske, greske og romerske ekteskapstradisjonar, og gifta seg i stor grad i samsvar med det som hadde vore skikk i dei førkristne samfunna dei høyrde til. Arrangerte ekteskap var vanlege, og giftarmål var knytte til heimar heller enn til gudshus.

Ekteskap blant jødar[endre | endre wikiteksten]

Jødar på denne tida byrja ekteskap med truloving (erusin), eit bindande løfte om giftarmål, og seinare vigsel (nissu'in). Trulovinga omfatta betaling av brurepris og overføring av «eigarskapen» over jenta frå faren (eller einkvan i faren sin stad) til den tilkomande ektemannen. Bibelske tekstar nemner ikkje noko krav om samtykke frå jenta. Seremonien rundt inngåinga av ekteskapet var omfatta av opptog med musikk, dans og levande lys medan brura blei ført frå faren sin bustad til ektemannen sin. Ein kunne halda bryllaupsfestar over fleire dagar.

Ekteskap var sett på som eit ideal, og å føretrekka framfor å leva åleine eller å ha sex utanfor ekteskapet. Mannen hadde plikt til å gje kona si mat, klede og seksuell omgang, og av kvinna forventa ein truleg at ho skulle ta seg av heim, husdyr og laga mat og klede. Truskap var viktig for begge ektefellane, men mest for kvinna, som kunne straffast svært strengt om ho hadde forhold utanfor ekteskapet.

I Bibelen finst det fleire døme på at menn hadde fleire koner eller konkubiner, men dette kan ha vore avgrensa til rikmenn. Profetane oppfordra også gjerne til monogami. Mannen kunne skilja seg frå ei kone gjennom ein skriftleg get, men måtte som regel ha ein god grunn. Kvinner kunne også krevja skilsmål rettsleg ved sjeldnare høve. Ektefellar som var blitt skilde, kunne ikkje gifta seg med kvarandre igjen.

Ekteskap blant romarar[endre | endre wikiteksten]

Romersk ekteskapsinngåing.

Romarane meinte også at kvinner høyrde til faren, som kunne gje dei til ekte, men kravde også at begge dei som skulle giftast og faren til brudgommen gjekk med på giftarmålet. Det fanst to former for ekteskap, cum manu, der kona gjekk fullstendig inn i familien ho gifta seg inn i og var underlagt ektemannen, og sin manu, der ho fortsatt høyrde til fødselsfamilien og var underlagt faren. Den førstnemnde forma blei gradvis fortrengd av den sistnemnde, som gav kvinna fleire rettar i høve til medgifta og skilsmål.

Overklassebryllaup var som regel kostbare tilstellingar laga til av familien til brura. Ein gav gåver til venner og familie, og dei tilkomande ektefellane kunne utveksla gåver før bryllaupet. På bryllaupsdagen gjekk brura i opptog heimanfrå til ektemannen sitt hus, der ho blei løfta over dørstokken av dei som følgde henne. Ho hadde med seg vatn og eld frå eldstaden heime. Dagen etter heldt brudgommen ein fest i sin heim, og brura ofra til gudane i den nye heimen.

Kvinna tok som regel med seg ei medgift inn i ekteskapet. Denne tilfall ofte henne eller familien hennar om ekteskapet blei oppløyst. Romerske menn kunne skilja seg kva tid som helst. I klassisk tid fekk også kvinner denne retten. Gjengifte var vanleg, både blant skilde og enkjefolk. Ekteskap var ein ønskt tilstand også blant romarane, både fordi det var ønskeleg med fleire ektefødde romerske borgarar og fordi ein meinte mangel på sex kunne vera skadeleg. Keisar Augustus og seinare konsular innførte lovverk som skulle motverka einslege levesett og utruskap, og styrka ekteskapet.

Ekteskap blant grekarar[endre | endre wikiteksten]

I gresk tradisjon var ekteskapet viktig, og ofte styrt av lovar. Jenter blei gifte rundt puberteten medan menn var eldre, frå tjue til tretti. Ekteskapa blei arrangert av jentene sine fedre eller mannlege verjer. Om faren var død måtte ho gifta seg med sin næraste mannlege slektning for å ivareta eigedommen ho arva og ættelinja.

Greske vigslar fann som regel stad i vintermånaden gamelion. Vigselen varte i fleire dagar og bestod av offer og fleire ritual der brura sa farvel til barndomsheimen og statusen som jomfru, og blei ei gift kvinne i ektemaken sin familie. Det blei halde gjestebod, som regel av far til brura, med songar og ofringar.

Kvinner hadde medgift som blei ivareteken av verja deira og som høyrde til dei om dei blei skilde eller enkjer. Dei arva ikkje ektemannen sin eigedom om han døydde. Kvinner måtte vera tru, og var dei utru var skilsmål påbode. Menn kunne derimot ha elskarinner. Medan det i det greske samfunnet blei forventa at ein gifta seg, avstod nokre prestar og filosofar frå ekteskap og samliv, og levde i sølibat.

Jesus og tidlege tilhengjarar sine haldningar til ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Gresk asketisme og jødisk endetidstenking pregar synet på ekteskap og seksualitet i dei siste bøkene av den hebraiske Bibelen og Det nye testamentet. I fleire overleveringar ser Jesus ut til å seia at frelse er viktigare enn familieband, oppmuntra til seksuelt fråhald frå dei som kan og tala imot lettsindige skilsmål.[1] Samstundes er han til stades ved bryllaupet i Kana og signer feiringa gjennom underet der han gjer vatn om til vin. Apostelen Paulus gjekk lengre og oppfordra til seksuelt fråhald om ein klarte det, medan giftarmål og sex innan ekteskapet var å føretrekka framfor «hor».[2] I dei første hunderåra etter at kristendommen oppstod tala teologar mot varmt for jomfrudom og sølibat, og mot sex, skilsmål og tidvis også mot familieband.[3] Tidleg kristendom hadde dermed ingen særskild seremoni for inngåing av ekteskap, medan han hadde liturgiar for dåp, konfirmasjon og nattverd. Ein kunne be ein biskop om å godta giftarmålet, men kyrkja trengde ikkje ha mykje å gjera med vigselen.

Ekteskap i den katolske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Trulovinga. Måleri frå 1400-talet.
Nattverd under ein katolsk vigsel.
Foto: Jolanta Berchali/Linda, 2006

Leiarar i Den katolske kyrkja markerte seg tidleg som forkjemparar for monogame ekteskap som varte livet ut, og tok avstand frå skilsmål. Den innverknadsrike kyrkjefaderen Augustin av Hippo argumenterte til dømes for at ein framleis var gift sjølv om ein flytta frå kvarandre, og at ein dermed ikkje kunne gifta seg oppatt.[4] På 800-talet lyste pave Nikolas I ei adelskvinne[5] i bann for å ha forlate ektemannen sin for ein annan, og han avsette biskopar og gjekk gjennom ei omleiring heller enn å gje Lothar II av Lotharingia støtte for å forlata kona si. Paven støtta derimot retten til Judit, dotter av Karl den skalla, til å gifta seg utan samtykke frå faren.

Nikolas I gjev også den første detaljerte skildringa av korleis ein inngår ekteskap i vestkyrkja på hans tid. Som tidlegare var prosessen todelt, med trulovinga (sponsalia) først, og sjølve vigselen (nuptialia) anten like etterpå eller noko seinare. Trulovinga innebar at dei tilkomande ektefellane gjev kvarandre løfter om ekteskap, gjerne i form av ein «truskapsring» (annulus fidei). Medgifta blei overlevert og juridisk dokumentert med vitne til stades. Under vigselen blei det halde messe for ekteparet, som fekk nattverd, blei velsigna under eit slør, og bar kroner idet dei forlét kyrkja.[6]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå t.d. Matt. 19, 8.21–22; 10.34–37)
  2. 1. Kor. 7
  3. Time, Religion: Christian Marriage Arkivert 2010-04-11 ved Wayback Machine. Jun. 28, 1948
  4. Augustin si utlegging om ekteskapet på engelsk: Of the Good of Marriage
  5. Ingiltrud, gift med grev Boso.
  6. Ritual of Marriage i Catholic Encyclopedia
Bibliografi
  • Marriage og Divorce i Jewish Encyclopedia
  • E. A. Livingstone, red. (2006), «matrimony», The Concise Oxford Dictionary of the Christian Church, Oxford University Press 
  • Fuller, Russell (1993), «Marriage», i Bruce M. Metzger and Michael D. Coogan, The Oxford Companion to the Bible, Oxford University Press Inc 
  • Gill, N.S., Greek Marriage, about.com 
  • Powers, Jennifer Goodall (1997), Ancient Weddings 
  • McAfee, Gene (1993), Bruce M. Metzger; Michael D. Coogan, red., «Sex», The Oxford Companion to the Bible (Oxford University Press Inc.) 

Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.