Ekvatorialinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit ekvatorialinstrument på Forststernwarte Jena 50 cm Cassegrain-reflektorteleskop.

Ekvatorialinstrument, eller berre ekvatorial, er ein astronomisk kikkert forsynt med målesirklar for enkel innstilling på ein himmellekam med gjeven timevinkel og deklinasjon. Kikkerten kan dreiast om polaksen (timeaksen) som er fast montert parallelt med jordaksen. På polaksen sit timesirkelen, som er parallell med ekvator. Sjølve kikkerten og motvekta til denne sit på ein annan akse, deklinasjonsaksen, som står vinkelrett på ekvator. Ein kikkert med ein slik parallaktisk oppstilling kan altså dreiast på to måtar, og kan stillast inn på kva punkt som helst på stjernehimmelen og ved eit urverk førast til å følgje den daglege gangen til stjernene. Nullpunktet til timesirkelen ligg i meridianen, og nullpunktet til deklinasjonssirkelen ligg i ekvator.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]