Ekvipasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekvipasje i eit travløp.

Ekvipasje (av fransk opphav, frå équiper, 'utstyre') er eit omgrep som vanlegvis blir brukt om fleire typar av kombinasjonar mellom menneske og dyr. Det kan visa til ei fargreie som vogn eller slede saman med hestar og køyar, eller til hest og ryttar saman.[1]

I hestesport betyr ekvipasje hest og ryttar, eller hest/hestar, sulky eller vogn, og køyrar. Ein ekvipasje i voltige er sett saman av ein hest, ein longør og ein eller fleire voltigørar.

I hundesport betyr ekvipasje hund og førar, eller hund/hundespann, slede, pulk, vogn eller liknande, og førar.

Ekvipasje blir også brukt om blind eller svaksynt og førarhund, og om politibetjent og hund, til dømes narkotikahund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]