Ekvipotensialflate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ekvipotensiell overflate)

Ei ekvipotensialflate er ei flate med konstant skalart potensial. Gradienten til potensialet, som gjev i kva for ei retning det skalare potensialet aukar mest, står vinkelrett på flata. Flatene blir brukt til å visualisere ein (n)-dimensjonal funksjon for skalart potensial i eit (n−1)-dimensjonalt rom.

Geoiden, som blir brukt innan geodesi, er ei ekvipotensialflate. Han er flata som er slik at den skalare gravitasjonen (verdien til gravitasjonen når ein ser bort frå retninga) er den same i alle punkt på flata. I tillegg er gradienten (retninga den skalare gravitasjonen aukar mest) vinkelrett på flata.

Omgrepet nyttast òg innan væskemekanikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]