Eléni Fouréira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eléni Fouréira

Fødd7. mars 1987 (37 år)
FødestadFier
FødenamnΕλένη Φουρέιρα
OpphavHellas
Aktiv2007–
Sjangerelektropop, pop
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapMinos EMI, Panik Records
Verka somsongar, dansar
Sambuar medAlberto Botía

Eleni Foureira eller Eléni Fouréira (fødd 7. mars 1987) er ein gresk songar, dansar og skodespelar. Ho byrja musikkarrieren sin i 2007 som medlem av den greske jentegruppa Mystique. I 2010 innleidde ho solokarrieren sin og har gjeve ut ei rekkje singlar som har selt bra i Hellas og på Kypros. Ho har òg vunne fleire musikk- og bransjeprisar.[1] Fouréira representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2018, der ho kom på andreplass med songen «Fuego».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fouréira vart fødd av albanske foreldre i Fier i Albania, men på grunn av den albanske borgarkrigen i 1997 flykta familien og busette seg i nabolandet Hellas. Fouréira vaks opp i Kallithea kommune ved Athen, og ho vart tidleg musikkinteressert. Allereie som barn lærte ho å spela gitar og dreiv med teater i tre år.

Fouréira vart kjend for eit større gresk publikum i 2007, då ho var medlem i gruppa Mystique. I 2009 gjekk medlemmane kvar til sitt, og Fouréira byrja på solokarrieren sin og fekk platekontrakt med Universal Music i Hellas. I 2010 gav ho ut debutalbumet Eléni Fouréira som nådde platinastatus i Hellas, og ho følgde opp med to nye album, Ti poniro mou zitas og Anemos agapis, i 2012 og 2014 på selskapet Minos EMI. Begge albuma vart godt motteke i Hellas og på Kypros. I 2015 bytta ho igjen plateselskap til Panik Records, der ho gav ut sit fjerde album, Vasilissa, i 2017.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Fouréira har gjort fleire forsøk på å deltake i Eurovision Song Contest for både Hellas og Kypros. I 2010 deltok ho i den greske finalen, saman med Manos Pyrovolakis og songen «Kivotos tou Noko». Dei kom på andreplass bak vinnaren Jórgos Alkaíos og songen «OPA!». Under den greske finalen i 2013, framførte ho ein versjon av den ukrainske vinnarsongen frå 2004, «Wild Dances».

I 2016 og 2017 sende Fouréira inn bidrag til den greske kringskastaren ERT, men den greske kringkastaren avslo begge bidraga og valde i staden andre artistar og songar til å representere landet.[3][4]

I februar 2018 stadfesta den kypriotiske kringskastaren RIK at Fouréira skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa. Fouréira deltok med songen «Fuego», skriven av den svensk-greske låtskriveren Alexander Papaconstantinou.[5] Den enda på ein andreplass i finalen, den beste plasseringa til Kypros i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1981.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2010 – Eleni Foureira
  • 2012 – Ti poniro mou zitas
  • 2014 – Anemos agapis
  • 2017 – Vasilissa

Singlar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2011 – «Simadia» (med Panagiotis Petrakis)
  • 2011 – «Reggaeton»
  • 2012 – «Fotia» (med NEVMA)
  • 2013 – «Radevou stin paralia» (med Marios Brasil)
  • 2015 – «Ladies»
  • 2015 – «Stod theo me pai» (cover av Nadav Guedjs «Golden Boy», Israels Eurovision-bidrag i 2015)
  • 2015 – «Pio dinata»
  • 2016 – «Delicious»
  • 2017 – «Vasilissa»
  • 2018 – «Fuego»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eleni Foureira to fly the flag for Cyprus with 'Fuego' - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 8. mai 2018. 
  2. «Eleni Foureira - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Arkivert frå originalen 8. mai 2018. Henta 8. mai 2018. 
  3. «Eleni Foureira releases rejected Greek ESC 2016 entry "Come Tiki Tam"». wiwibloggs (på engelsk). 15. oktober 2016. 
  4. «Did Greece reject the Cypriot Eurovision entry?». EuroVisionary (på engelsk). 2. februar 2018. 
  5. «Alex Papaconstantinou will compose 2018 Cyprus Eurovision entryParikiaki | Parikiaki Cyprus and Cypriot News» (på engelsk). Henta 8. mai 2018. 
  6. «Cyprus – Eurovision Song Contest». Henta 14. mai 2018.