El-Ghriba-synagogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
El-Ghriba-synagogen innvendig.

El-Ghriba-synagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghriba-synagogen er meir enn 2000 år gammal, og var dermed over 600 år gammal da Tunisia vart muslimsk. Dermed er dette den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.

Opphavsmyte[endre | endre wikiteksten]

Eit segn seier at ei gruppe jødar flykta frå øydelegginga av Det første tempelet i Jerusalem og kom til øya Djerba, kor dei så bygde denne synagogen.

Valfartsstad[endre | endre wikiteksten]

I fleire århundre har jødiske pilegrimar valfarta til El-Ghriba-synagogen i tida etter pesahfesten.

Terroråtak[endre | endre wikiteksten]

Den 11. april 2002, etter godt over tusen år med fredeleg naboskap, gjekk ein sjølvmordsbombar til åtak på El-Ghriba-synagogen med ein naturgass-tankbil lasta med sprengstoff. 21 menneske vart drepne i dette terroråtaket, inkludert 14 tyske turistar, 6 tunisiarar og ein franskmann. Meir enn 30 menneske vart såra. Åtaket vart først omtala som ei ulukke, men etterforskinga viste at dette var ein planlagt åtak.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El-Ghriba-synagogen