El-overfølsemd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El-overfølsomme hevdar dei vert sjuke av m.a. trådlause nettverk.

El-overfølsemd, elektromagnetisk hypersensitivitet, elektrosensitivitet eller «el-allergi» er ein tilstand der ein person opplever symptom som vedkomande meiner skuldast at han eller ho er utsett for elektromagnetisme.[1] El-overfølsemd vert òg kalla elektrosensitivitet eller el-allergi, men er ikkje ein anerkjend som medisinsk diagnose. Forsking har vist at dei som er el-overfølsame ikkje greier å kjenne om dei er utsette for elektromagnetisk stråling, eller ikkje. Symptoma oppstår berre dersom ein opplever at ein er utsett for stråling, og har ingen samanheng med om ein faktisk er det. Dette fenomenet vert kalla «noceboeffekten».

El-overfølsomheit har fått mye merksemd i samband med installering av nye straummålarar som sender måleresultatet gjennom mobiltelefonnettet.

Det er vitskapleg etablert at elektromagnetiske felt kan påverka organismar, men personar med el-overfølsemd hevdar at dei får ubehagelege symptom når dei vert utsette for stråling som er betydeleg under dei grensene som er sette fast i internasjonale tryggleiksstandardar. Eit overveldande fleirtal av blindtester har vist at personar som meiner at dei er ramma av el-overfølsemd, ikkje er i stand til å skilja mellom verkeleg eksponering og simulert (ingen) eksponering, noko som kan forklarast ved at el-overfølsomheten er ein såkalt noceboeffekt («negativ placebo»).[2][3][4] Ein anerkjenner då symptoma til pasientane som reelle, men at desse ikkje har påviseleg samanheng med den strålinga dei faktisk er utsette for.[5]

Fenomenet skal ha byrja i Sverige på 1980-talet, opphavleg særleg blant dei som arbeidde ved dataskjermar.[6] Ei handsaming kan synast å vera kognitiv åtferdsterapi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. El-overfølsomhet Lommelegen
  2. Rubin, James; J Das Munshi J; Simon Wessely (mars–april 2005). «Electromagnetic hypersensitivity: a systematic review of provocation studies». Psychosomatic Medicine 2005 Mar-Apr;67(2):224-32 67 (2): 224–32. 
  3. Röösli M (2008). «Radiofrequency electromagnetic field exposure and non-specific symptoms of ill health: a systematic review». Environ. Res. 107 (2): 277–87. PMID 18359015. doi:10.1016/j.envres.2008.02.003. 
  4. - Fikk hodepine uansett Arkivert 2013-12-04 ved Wayback Machine. digi.no
  5. “Electromagnetic hypersensitivity” and “wifi allergies”: Bogus diagnoses with tragic real world consequences Science-Based Medicine
  6. Oppslagsordet «eloverfølsomhet» i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]