El Capitan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El Capitan
fjellvegg
Sørvestveggen av El Capitan frå Yosemite Valley
Land  USA
Stat California
Fylke Mariposa County
Fjellkjede Sierra Nevada
Høgd 2 308 moh.
Koordinatar 37°44′2.4″N 119°38′13.2″W / 37.734000°N 119.637000°W / 37.734000; -119.637000
Geologi granitt
Lettast tilkomst Til fots
Kart
El Capitan
37°44′02″N 119°38′13″W / 37.734°N 119.637°W / 37.734; -119.637
Wikimedia Commons: El Capitan

El Capitan er ein fjellvegg i Yosemite National Park, på nordsida av Yosemite Valley, nær vestenden. Granittmonolitten strekkjer seg 1000 meter frå foten til toppen av den høgaste sida, og er ei kjend for fjellklatrarar og basehopparar.

Formasjonen vart kalla El Capitan av Mariposa-bataljonen då dei utforska dalen i 1851. El Capitán, som tyder «kapteinen» eller «sjefen» på spansk, var ei slags omsetjing av det lokale indianske namnet på veggen, som vert transkribert To-to-kon oo-lah eller To-tock-ah-noo-lah. Det er uklårt om det indianske namnet synte til ein spesifikk høvding eller berre tydde høvding.[1] I nyare tid vert veggen ofte berre kalla El Cap, særleg blant fjellklatrarar og basehopparar.

Ein kan nå toppen av El Capitan til fots ut Yosemite Valley på ein sti som går ved sidan av Yosemite Falls, så vestover. For klatrarar er utfordringa å klatre opp sjølve granittveggen. Det er mange namngjevne klatreruter, alle av dei krevjande. For basehopparar er utfordringa å kome langt nok ut frå veggen før dei opnar fallskjermane.

El Capitan er avbilda på den amerikanske quarter dollar-mynten som frå 2010.[2]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

El Capitan består nesten heilt av El Capitan-granitt, ein bleik, grov granitt som vart lagt ned for kring 100 millionar år sidan. I tillegg til El Capitan utgjer denne granitten det meste av berget i den vestlege delen av Ein eigen intrusjon av vulkansk bergart, Taft-granitt, dannar den øvste delen av klippeveggen.

Ein tredje vulkansk bergart, dioritt, finst som mørke intrusjonar gjennom begge granittar, særleg er dette tydeleg i området kjend som North America Wall, Nord-Amerika-veggen.[3]

Yosemite Valley og El Capitan vart grave ut av isbrear. Fleire istider har danna is i Sierra Nevada, men Sherwin-istida, som varte frå omkring 1,3 millionar til 1 millionar år sidan, vert rekna for å vere ansvarleg for det meste av utgravinga og forminga. El Capitan-granitten er relativt fri for skøytar, og derfor eroderte ikkje isen fjellsida like mykje som andre klipper i nærleiken, som hadde fleire skøytar.[4]

Klatrehistorie[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå 1864 av El Capitan av Charles Leander Weed.

Veggen vart ein gong rekna som umogeleg å klatre,[5] El Capitan er i dag ein populær klatrevegg.[6] «El Cap» har to hovudveggar, sørvestveggen og søraustveggen. Begge veggane heller utover.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:Cite summitpost
  2. U. S. Mint: Yosemite National Park quarter, arkivert frå originalen 3. desember 2011, henta 9. januar 2014 
  3. Robbins, Royal (1973 (republished 1995)). «The North America Wall». I Galen Rowell. The Vertical World of Yosemite. Berkeley, CA: Wilderness Press. s. 115–136. ISBN 0911824-87-1. 
  4. Huber, N. (1987). «The Geologic Story of Yosemite Valley». Henta 9. januar 2013. 
  5. Roper, Steve (2000). «Revealing Routes on El Cap: First Ascents». Arkivert frå originalen 28. februar 2010. Henta 9. januar 2013. 
  6. Kallen, Christian (1996). «El Capitan: First Ascent». Arkivert frå originalen 19. desember 2006. Henta 9. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El Capitan