Hopp til innhald

El Puerto de Santa María

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El Puerto de Santa María
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: La ciudad de los 100 palacios (Byen med dei 100 palassa)
Land  Spania
Region Andalucía
Provins Cádiz
Høgd m
Areal 159 km²
Folketal 89 960 (2024)
Postnummer 11500
Retningsnummer +34 956
Kart
El Puerto de Santa María
36°36′05″N 6°14′17″W / 36.601468°N 6.2381494°W / 36.601468; -6.2381494
Wikimedia Commons: El Puerto de Santa María

El Puerto de Santa María (spansk for «Hamna til Jomfru Maria», lokalt berre kalla El Puerto) er ein by ved elva Guadalete i provinsen Cádiz i Spania. Byen har kring 90 000 innbyggjarar.

Byen ligg 10 km nordaust for Cadiz tvers over Cadizbukta og er mest kjend for ferja El Vaporcito som har vore i drift i snart sidan 1930-åra og som fører passasjerar frå Cadiz til El Puerto.

Ifølgje ei segn i Odysseen til Homer, rømde grekaren Menestheus etter den trojanske krigen med troppane sine gjennom Gibraltarsundet og nådde elva Guadalete. Her slo dei seg ned og kalla staden Menestheus-hamna.

I 711 kom dei arabiske maurarane frå Nord-Afrika og invaderte Sør-Spania. Dei kalla staden Alcante eller Alcanatif, som tyder «Salthamna», på grunn av den gamle saltindustrien til fønikarane og romarane.

I 1260 vart byen erobra av Alfonso X av Castilla og han kalla byen Santa María del Puerto. Han organiserte landfordelinga og gav byen byrettar under Krona Castilla. I hans Cantigas de Santa Maria CSM 367, syng Alfonso at han på mirakuløst vis vart helbreda frå oppsvulma føter etter å ha vitja kyrkja Santa Maria do Porto.

Kartet til De la Cosa.

Den andre ekspedisjonen til Kristoffer Columbus sette seg frå El Puerto de Santa María. Rormannen hans, Juan de la Cosa teikna verdskartet sitt (det første som inneheldt kysten av Den nye verda) i El Puerto i 1500.

Columbus vitja El Puerto i 1480 og fekk oppmuntring for reiseplanane sine. El Puerto var heimstad for fleire rike cargadores, handelsmenn som handla for Spania med Amerika. På 1500- og 1600-talet låg dei kongelege galeiane i vinteropplag her.

På 1800-talet vart byen hovudkvarter for den franske armeen under den spanske sjølvstendekrigen under Jose Bonaparte (1801-1812).

Byen har i dag mange historiske bygg og monument.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: El Puerto de Santa María