Teide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå El Teide)
Teide
fjell
Teide
Land  Spania
Område Tenerife
Fjelltype Stratovulkan over ein skjoldvulkan
Høgd 3 715 moh.
Primærfaktor 3 715 m m
Siste utbrot 1909
Lettast tilkomst Kravling
Førstestiging 1582 av Sir Edmund Scory
Koordinatar 28°16′15″N 16°38′21″W / 28.27083°N 16.63917°W / 28.27083; -16.63917
Kart
Teide
28°16′22″N 16°38′37″W / 28.272638888889°N 16.643611111111°W / 28.272638888889; -16.643611111111
Wikimedia Commons: Teide

Teide eller El Teide er ein aktiv, men sovande vulkanTenerifeKanariøyane. Han hadde sist utbrot i 1909 frå El Chinyero-ventilen i Santiago-rifta. Vulkanen og det omliggande området er ein del av Teide nasjonalpark (Parque Nacional del Teide). Parken dekkjer eit område på 189 km² og vart erklært ein verdsarvstad av UNESCO i juni 2007.[1]

Med ei høgd på 3715 meter over havet, og om lag 7500 meter over havbotnen i Atlanterhavet, er Teide det høgaste fjellet i Spania, det høgaste punktet i Atlanterhavet, og det 13. høgaste fjellet i EU.[2] Øya Tenerife er i seg sjølv den tredje største vulkanske øya på jorda ut i frå volum. Teide er den tredje høgaste vulkanen på ei vulkansk øy.[3] Han er òg ustabil og kanskje i større fare for å falle saman enn den meir omtalte Cumbre Vieja.[4] The United Nations Committee for Disaster Mitigation har erklært Teide som ein dekadevulkan,[5] på grunn av dei tidlegare kraftige utbrota og nærleiken til fleire store byar. Dei største byane er Garachico, Icod de los Vinos og Puerto de la Cruz.

Teide dannar i lag med nabofjella Pico Viejo og Montaña Blanca Det sentrale vulkankomplekset.

Namn[endre | endre wikiteksten]

El Pico del Teide er det moderne spanske namnet på vulkanen. Mons PicoMånen er eit fjell i Montes Teneriffe som er kalla opp etter Teide.[6][7] Før spanjolane erobra Kanariøyane kalla guancheane vulkanen for Echeyde.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Figurar som viser utviklinga frå danninga av Tenerife til den noverande Teide.

Stratovulkanane Teide og Pico Viejo er dei nyaste spora på vulkansaktivitet på Tenerife. Tenerife er den største (2058 km²) og høgaste (3715 moh) øya i Kanariøyane og har ei komplisert vulkansk historie. Danninga av øya og den noverande Teide kan oppsummerast i fem stadium, som vist på figuren til høgre.

Første stadium[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre Kanariøyane og vulkanske øyar generelt, vart Tenerife skapt av tre store skjoldvulkanar som voks saman og som utvikla seg i løpet av ei relativt kort tid.[8] Dette tidlege stadiet forma mesteparten av det som skulle verte Tenerife. Skjoldvulkanane daterer seg tilbake til miocen og tidleg pliocen[9] og er bevart i tre isolerte og djup eroderte massiv: Anaga (i nordaust), Teno (i nordvest) og Roque del Conde (i sør).[10]. Kvart individuelle skjold vart visstnok skapt på mindre enn tre millionar år og heile øya på om lag åtte millionar år.[11]

Andre og tredje stadium[endre | endre wikiteksten]

Etter det første stadiet følgde ein periode på 2-3 millionar år med erosjon utan vulkansk aktivitet. Denne rolege perioden er typisk for Kanariøyane, og La Gomera er til dømes no i erosjonsstadiet.[12] Etter denne rolege perioden vart den vulkanske aktiviteten konsentrert to stader, den sentrale vulkanen Las Cañadas og Anaga-massivet. Las Cañadas-vulkanen utvikla seg over skjoldvulkanane frå miocen og kan ha vorte 40 km i diameter og 4500 meter over havet.[13]

Satellittbilete av Tenerife med forskjellige vulkanmassiv. Den moderne Teide/Pico Viejo ligg på nordsida av Las Cañadas-kalderaen og utgjer berre ein liten del av den totale massen og vulkanhistoria til øya. Riftene på øya kan ein sjå som linjer (ryggar) frå nordaust til nordvest ut frå Las Cañadas.

Fjerde stadium[endre | endre wikiteksten]

For rundt 160 til 220 tusen år sidan kollapsa toppen av Las Cañadas I og danna Las Cañadas kaldera.[11] Seinare oppstod ein ny stratovulkan, Las Cañadas II, og gjekk igjennom ein katastrofal kollaps. Detaljert kartlegging har indikert at denen vulkanen låg i nærleiken av Guajara. Las Cañadas III oppstod i Diego Hernandez-sektoren av kalderaen. Detaljert kartlegging indikerer at alle Las Cañadas-vulkanane nådde om lag same høgd som Teide, som òg vert kalla Las Cañadas IV.

Det finst to teoriar om korleis den 16 x 9 km store kalderaen oppstod.[2]

Den første er at krateret oppstod som følgje av ein vertikal kollaps. Kollapsen oppstod i så fall av at det tomme magmakammeret under vulkanen ikkje klarte å bere vekta av fjellet over.[11][14][15]

Den andre teorien er at kalderaen oppstod av ei rekkje kollapsar sidevegs, på liknande måte som vulkanar på Hawaii.[16] Ein har funn bevis for denne teorien både på land[17][18][19] og til sjøs.[11][20]

Femte stadium[endre | endre wikiteksten]

Den mest nylege aktiviteten på øya er i rifta i nordvest og nordaust, og ved stratovulkanane Pico Teide/Viejo. Desse har delvis fylt att Las Cañadas kaldera.[10] Riftene kan ein sjå som utstikkande ryggar frå nordaust til nordvest over øya frå kalderaen. Ein trur òg at riftene bygde den tidlegare Las Cañadas-vulkanen og delvis var skuld i kollapsen. Etter kollapsen, har utbrot frå riftene fylt innskjeringane med forskjellige former lava og etter kvart utvikla Teide og Pico Viejo.[11].

Pico de Teide frå Cañada de los Guancheros på 2050 moh på nordaustryggen av kalderaen. Det gule i framgrunnen er pimpstein. Skyer bles vanlegvis med den nordaustlege passatvinden her, men skyene fordampar raskt når dei kjem inn i den varme, soloppvarma kalderaen. Foto frå tidleg i april.
Kanarifuru i Caldera de Taburiente på La Palma.

Historiske utbrot[endre | endre wikiteksten]

Teide er fortida sovande og det siste utbrotet skjedde i 1909 frå El Chinyero-ventilen. Tidlegare i historia har ein hatt utbrot frå ventilane i Santiago eller langs den nordvestlege rifta (Boca Gangrejo 1492, Montaña Negras 1706, Narices del Teide or Chahorra 1798 og El Chiyero 1909) og Cordillera Dorsal eller den nordaustlege rifta (Siete Fuentes og Fasnia i 1704 og 1705). Utbrotet i 1706 frå Montaña Negras-ventilen øydela byen og den viktige hamna Garachico, samt fleire mindre landsbyar.

Det siste eksplosive utbrotet skjedde i Montaña Blanca for om lag 2000 år sidan. Det sistr utbrotet inne i Las Cañadas kaldera skjedde i 1798 frå Narices del Teide eller Chahorra på vestsida av Pico Viejo.

For om lag 150 000 år sidan oppstod eit mykje større vulkanutbrot, truleg med vulkaneksplosivitetsindeks 5. Dette utbrotet skapte kalderaen Las Cañadas, ein stor kaldera, om lag 2000 meter over havet. Kalderaen måler 16 km frå aust til vest og 9 km frå nord til sør. Ved Guajara på sørsida av strukturen stig dei indre veggane nesten rett opp frå 2100 moh til 2715 moh. Toppen av Teide på 3715 moh og systervulkanen Pico Viejo på 3134 moh, ligg begge i den nordlege halvdelen av kalderaen.

Det er fullt mogeleg med fleire utbrot i framtida, med fare for pyroklastiske straumar. I 2003 var det auka seismisk aktivitet ved vulkanen. Mange vulkanar, som t.d. Mount St. Helens, Soufrière Hills, hadde liknande seismisk aktivitet før dei vart aktive. Slik aktivitet reknar ein med kjem av magma som stig inne i vulkanen.

Teide vert rekna som ustabil og har ein stor utbuling på nordsida. Denne kulen kjem truleg ikkje av magma som trenger på nedanfrå, men som følgje av at nordsida sakte kollapsar. Ved toppen av vulkanen finne in fleire små aktive fumaroler som spyr ut svoveldioksid og andre gassar, som hydrogensulfid.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Lavastraumane i fjellsidene av Teide har skapt eit særs tynt, men nærings- og mineralrikt jordsmonn som gjev liv til fleire planter. Det finst 168 karplanter på fjellet, 33 av desse er endemiske for Tenerife.[21]

Echium wildpretiiTenerife

Skogar av kanarifuru (Pinus canariensis) finst frå 1000–2100 m, og dekkjer dei midtre områda av vulkanen. Tregrensa er om lag 1000 meter lågare her enn for fjell på same breiddegrad på kontinenta.[22] I høgda finst meir sårbare sederartar og kanarifuru.[23]

Den mest dominerande planta i Teide nasjonalpark er den kvite Teide-gyvelen (Spartocytisus supranubius), som har kvite og rosa blomar, gyllenlakk (Erysimum scoparium), som har kvite og fiolette blomar, og Teide-ormehovud (Echium wildpretii), der dei raude blomane dannar ein pyramide som kan verte tre meter høg.[24] Desse plantene er tilpasse dei tøffe tilhøva ved vulkanen, som stor høgd, intens sollys, ekstreme temperaturvariasjonar og mangel på fukt.

Det finst mange virvellause dyr i Teide nasjonalpark. Over 40 % av desse er endemiske, og 70 artar finst berre i nasjonalparken. Av desse finn ein edderkoppar, biller og tovenger, nebbmunnar og årevenger.[25]

Den sørlege Tenerife-firfisla(Gallotia galloti galloti)

I motsetnad finst det berre få virveldyr i nasjonalparken.[26] Ti forskjellige fugleartar hekkar i parken, som tenerifeblåfink (Fringilla teydea); kanaripiplerke (Anthus berthelotii); kanariirisk (Serinus canaria); og ein underart av tårnfalk (Falco tinnunculus canariensis).[27][28]

Tre endemiske reptilartar finst òg i parken, kanarifirfisla (Gallotia galloti galloti), ein gekko (Tarentola delalandii) og skink (Chalcides viridanus viridanus).[26][29] Dei einaste pattedyra som høyrer naturleg heime i parken er flaggermus, og den vanlegaste arten Nycatalus leisleri. Andre pattedyr som muflon, hare, husmus, rotte, villkatt og algerisk piggsvin er alle innført i parken.[30]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Panorama frå Roques de García

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Teide National Park». World Heritage List. UNESCO. Henta 14. mai 2009. 
  2. 2,0 2,1 Smithsonian Institution Global Volcanism Program: Teide
  3. Scarth, Alwyn; Tanguy, Jean-Claude (2001). Volcanoes of Europe. Oxford University Press, s. 243 ISBN 0-19-521754-3
  4. Vallely, G. A., 2005. Volcanic Instability and Tsunami Generation: Montaña Teide, Tenerife, Canary Islands (Spania). Open University Geological Society, 26-1, 53-64.
  5. http://vulcan.wr.usgs.gov/Vulkanar/DecadeVulkanar/ Decade Vulkanar - USGS
  6. Sheehan, William & Baum, Richard, Observation and inference: Johann Hieronymous Schroeter, 1745–1816, JBAA 105 (1995), 171
  7. Schroeter, Johann Hieronymous, Selenotopographische Fragmente sur genauern Kenntniss der Mondfläche [vol. 1]. -- Lilienthal: auf Kosten des Verfassers, 1791
  8. Guillou, H., Carracedo, J. C., Paris R. og Pérez Torrado, F.J., 2004a. K/Ar ages and magnetic stratigraphy of the Miocene-Pliocene shield volcanoes of Tenerife, Canary Islands: Implications for the early evolution of Tenerife and the Canarian Hotspot age progression. Earth & Planet. Sci. Letts., 222, 599-614.
  9. Fúster, J.M., Araña, V., Brandle, J.L., Navarro, J.M., Alonso, U., Aparicio, A., 1968. Geoloy and vulcanology of the Canary Islands: Tenerife. Instituto Lucas Mallada, CSIC, Madrid, s. 218
  10. 10,0 10,1 Carracedo, Juan Carlos; Day, Simon (2002). Canary Islands (Classic Geology in Europe 4). Terra Publishing, s. 208 ISBN 1-903544-07-6
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Carracedo, J. C., Rodríguez Badioloa, E., Guillou, H., Paterne, M., Scaillet, S., Pérez Torrado, F. J., Paris, R., Fra-Paleo, U., Hansen, A., 2007. «Eruptive and structural history of Teide Volcano and rift zones of Tenerife, Canary Islands.» Bulletin of the Geological Society of America, 119(9-10). 1027-1051
  12. Paris, R, Guillou, H., Carracedo, JC og Perez Torrado, F.J., Volcanic and morphological evolution of La Gomera (Canary Islands), based on new K-Ar ages and magnetic stratigraphy: implications for oceanic island evolution, Journal of the Geological Society, May 2005, v.162; no.3; s.501-512
  13. Carracedo, J.C., Pérez Torrado, F.J., Ancochea, E., Meco, J., Hernán, F., Cubas, C.R., Casillas, R., Rodríguez Badiola, E. og Ahijado, A., 2002. In: Cenozoic Volcanism II: the Canary Islands. The Geologi of Spania (W. Gibbons og T. Moreno, eds), pp. 439–472. Geological Society, London
  14. Martí, J., Mitjavila, J., Araña, V., 1994. Stratigraphy, structure and geochronology of the Las Cañadas Caldera (Tenerife, Canary Islands). Geol. Mag. 131: 715-727
  15. Martí. J. og Gudmudsson, A., 2000. The Las Cañadas caldera (Tenerife, Canary Islands): an overlapping collapse caldera generated by magma-chamber migration. J. Vulkanl. Geotherm. Res. 103: 167-173
  16. Moore, J. G., 1964. Giant submarine landslides on the Hawaiian Ridge. U.S. Geol. Surv. Prof. Pap., 501-D, D95-D98
  17. Carracedo, J.C., 1994. The Canary Islands: an example of structural control on the growth of large oceanic island volcanoes. J. Vulkanl. Geotherm. Res. 60: 225-242
  18. Guillou, H., Carracedo, J.C., Pérez Torrado, F. og Rodríguez Badiola, E., 1996. K-Ar ages and magnetic stratigraphy of a hotspot-induced, fast grown oceanic island : El Hierro, Canary Islands. J. Vulkanl. Geotherm. Res. 73: 141-155
  19. Stillman, C.J., 1999. Giant Miocene Landslides and the evolution of Fuerteventura, Canary Islands J. Vulkanl. Geotherm. Res. 94, s. 89–104
  20. Masson, D.G., Watts, A.B., Gee, M.J.R., Urgelés, R., Mitchell, N.C., Le Bas, T.P., Canals, M., 2002. Slope failures on the flanks of the western Canary Islands, Earth-Sc. Reviews, 57: 1-35
  21. Dupont, Yoko L., Dennis M., Olesen, Jens M., Structure of a plant-flower-visitor network in the high altitude sub-alpine desert of Tenerife, Canary Islands, Ecography. 26(3), 2003, s. 301–310.
  22. Gieger, Thomas og Leuschner, Christoph, Altitudinal change in needle water relations of the Canary pine (Pinus Canariensis) and possible evidence of a drought-induced alpine timberline on Mt. Teide, Tenerife, Flora - Morphology, Distribution, Functional Ecology of Plants, 199(2), 2004, s. 100-109
  23. J.M. Fernandez-Palacios, Climatic response of plant species on Tenerife, the Canary islands, J. Veg. Sci. 3, 1992, s. 595–602
  24. «Tenerife National Park - Flora». Tenerife Tourism Corporation. Henta 14. mai 2009. 
  25. «Tenerife National Park - Fauna». Tenerife Tourism Corporation. Arkivert frå originalen 14. juni 2008. Henta 14. mai 2009. 
  26. 26,0 26,1 Thorpe, R.S., McGregor, D.P., Cumming, A.M. og Jordan, W.C., DNA evolution and colonisation sequence of island lizards in relation to geological history: MTDNA RFLP, cytochrome B, cytochrome oxidase, 123 RRNA sequence og nuclear RAPD analysis, evolution, 48(2), 1994, s. 230-240
  27. Lack, D. og H.N. Southern. 1949. Birds of Tenerife. Ibis, 91:607-626
  28. P.R. Grant, «Ecological compatibility of bird species on islands», Amer. Nat., 100(914), 1966, s. 451–462.
  29. Lever, Christopher (2003). Naturalized Reptiles and Amphibians of the World (First utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-850771-0. .
  30. Nogales, M., Rodríguez-Luengo, J.L. & Marrero, P. (2006) «Ecological effects og distribution of invasive non-native mammals on the Canary Islands» Mammal Review, 36, 49–65

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Teide