Hopp til innhald

Elafónisos

Koordinatar: 36°29′N 22°57′E / 36.483°N 22.950°E / 36.483; 22.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elafónisos
Lokalt namn Ελαφόνησος
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 36°29′N 22°57′E / 36.483°N 22.950°E / 36.483; 22.950
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 19 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Peloponnes
Lakonía
Største busetnad Elafónisos (743 innb.)

Demografi
Folketal 898 (2021[1])
Folketettleik 47,3 /km²

Elafónisos (gresk Ελαφόνησος) er ei øy i Hellas og Dei joniske øyane mellom Peloponnes og Kýthira. Ho dannar ein eigen kommune i periferieininga Lakonía i periferien Peloponnes.[2]

Elafónisos har eit areal på om lag 19 km². Øya ligg like utanfor kysten av Kapp Maléa, og om lag 6,5 km mot aust ligg Neápoli i kommunen Monemvasiá. Om lag 8,5 km mot sør ligg Kapp Frágos på øya Kýthira.

Folketalet er knapt 1 000 om vinteren, men aukar kraftig i sommarmånadane. Øya er ein populær turistdestinasjon og i juli og august kan opp mot 9 000 turistar vitje øya dagleg. Mange kjem her på grunn av dei lyse fargene, sandstrendene og sørenden av øya. Dei to største strendene på øya er Símos og Panajía Nisiá.

Øya eig 3 km² med land på fastlandet, som hovudsakleg består av stranda Poúnda. I dag er ho den einaste busette øya som høyrer til Peloponnes. Det er gjort nokre arkeologiske funn på øya og i vatnet rundt.

Namnet på Elafónisos har sannsynlegvis historisk opphav og tyder «hjortane si øy».

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken var Elafónisos ei halvøy med namn Ónou Gnáthos.

Øya vart busett med dagens busetnad i 1850, og nokre år seinare vart ho ein del av Hellas.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Elafónisos 816 743
Káto Nisí 156 91
Kapári 37 35
Poúnda 17 23
Lévki 15 6

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Simos