Elaine Thompson-Herah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elaine Thompson-Herah


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 28. juni 1992 (31 år)
Manchester Parish, Banana Ground
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 200 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 100 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 200 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 100 meter stafett kvinner

Utmerkingar

Årets friidrettsutøver i verden, Track & Field News Athlete of the Year

Elaine Thompson-Herah (fødd 28. juni 1992, opphavleg Thompson) er ein friidrettsutøvar frå Jamaica. Ho vann gullmedaljen på både 100 meter og 200 meter under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, ein prestasjon ho gjentok fem år seinare i Tokyo-OL i 2021, då ho i tillegg fekk OL-gull i 4 x 100 m stafett. I VM i friidrett 2015 vart ho verdsmeister med Jamaica i 4 x 100 m stafett, samstundes som ho tok sølvmedaljen på 200 m. Thompsons personlege rekordar på 100 og 200 meter er høvesvis 10,54 og 21,53 sekundar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thompson presterte glitrande 21,66 sekund på 200 meter i VM-finalen 2015, ho enda likevel opp med sølvmedalje ettersom nederlandske Dafne Schippers gjorde sitt livs beste løp og vann på tida 21,63. Dagen etter sprang Thompson den tredje etappen for Jamaicas lag som vann 4 x 100 m stafett på suverent vis.

1. juli 2016 sette Thompson personbeste på 100 meter då ho i Kingston vart klokka inn på 10,70 sekund. Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i august 2016 sprang ho 100-meteren på 10,71 og slo nummer 2 med 0,12 sekund. Også på 200 m tok ho gull, med tida 21,78 sekund var ho i mål ein tidels sekund føre sølvmedaljør Schippers.

2021-sesongen var Thompson-Herah i sitt livs beste form. Under Sommar-OL i Tokyo i 2021 sikra ho seg gullmedaljen på 100 m så vel som på 200 m. I finalen på 100 m den 31. juli sette ho olympisk rekord med tida 10,61, landskvinna Shelly-Ann Fraser-Pryce tok sølv på 10,74. Tre dagar seinare sette Thompson landsrekord med tida 21,53 då ho sigra på 200 meter, sølvvinnar Christine Mboma frå Namibia kom inn på 21,81. Den olympiske gullhausten vart fullført 6. august då Thompson saman med Briana Williams, Shelly-Ann Fraser-Pryce og Shericka Jackson vann 4 x 100 m stafett på jamaikansk rekordtid, 41,02 sekund. To veker etter OL var over, den 21. august 2021 i Eugene i Oregon, flytta Thompson landsrekorden på 100 meter til 10,54 sekund.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje på 200 m – 21,66, bakom Schippers (21,63). Gull i 4 x 100 m stafett
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 100 m og 200 m, sølv i 4 x 100 m stafett
  • VM 2017 i London: Nr 5 på 100 m – 10,97
  • VM 2019 i Doha: Nr 4 på 100 m – 10,93. Stilte ikkje i semifinalen på 200 m =nr 24
  • OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 100 m, 200 m og 4 x 100 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]