Elastic Rock
| Elastic Rock Studioalbum av Nucleus | ||
| Utgjeve | Mars 1970 | |
| Innspelt | 12–21. januar 1970 | |
| Studio | Trident Studios, London | |
| Sjanger | Kunstrock, jazzfusion | |
| Lengd | 40:46 | |
| Selskap | Vertigo 2007 Remaster: Universal Records | |
| Produsent | Peter King | |
| Nucleus-kronologi | ||
|---|---|---|
| Elastic Rock | We'll Talk About It Later (1970)
| |
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
Elastic Rock er debutalbumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i mars 1970. Det vart spelt inn i januar 1970 og var eit nybrottsarbeid innan den gryande sjangeren jazzrock. Bandleiaren Ian Carr (seinare jazzjournalist og Miles Davis-ekspert) var truleg inspirert av at Davis «gjekk elektrisk» i 1969, men det viktige albumet Bitches Brew hadde ikkje kome ut enno då Elastic Rock vart spelt inn, og i følgje Carr, hadde dei ikkje enno høyrt det mindre rockeprega og elektriske Davis-albumet In a Silent Way frå 1969.[2]
I juli 1970 spelte gruppa komposisjonar frå albumet på Montreux Jazz Festival, og vann førsteprisen. Dei spelte så både på Newport Jazz Festival og på jazzklubben Village Gate.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle komposisjonar av Karl Jenkins, utanom der andre er nemnde.
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «1916» | 1:11 | |
| 2. | «Elastic Rock» | 4:05 | |
| 3. | «Striation» | Jeff Clyne, Chris Spedding | 2:15 |
| 4. | «Taranaki» | Brian Smith | 1:39 |
| 5. | «Twisted Track» | Chris Spedding | 5:17 |
| 6. | «Crude Blues, Part I» | Karl Jenkins, Ian Carr | 0:54 |
| 7. | «Crude Blues, Part II» | Ian Carr | 2:36 |
| 8. | «1916: The Battle of Boogaloo» | 3:07 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 9. | «Torrid Zone» | 8:41 | |
| 10. | «Stonescape» | 2:39 | |
| 11. | «Earth Mother» | Karl Jenkins, Ian Carr, John Marshall, Jeff Clyne, Chris Spedding | 5:15 |
| 12. | «Speaking for Myself, Personally, in My Own Opinion, I Think...» | John Marshall | 0:54 |
| 13. | «Persephones Jive» | Ian Carr | 2:15 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elastic Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- 1 2 Kelman, John (19. oktober 2004). «Ian Carr and Nucleus: '70s British Jazz Rock Progenitors». All About Jazz.