Hopp til innhald

Elbasan

Elbasan
Utsyn over byen frå ein ås
Utsyn over byen frå ein ås
Utsyn over byen frå ein ås
Kommunevåpenet til Elbasan
Kommunevåpen
Land
Region
Albania
Elbasan
Grunnlagd 1400-talet
Borgarmeister Qazim Sejdini
Flatevidd
  Kommune

872 km²
Innbyggjarar[1]
  Kommune (2023)
  Byområde

115 101
66 834
Koordinatar 41°06′N 20°04′E / 41.100°N 20.067°E / 41.100; 20.067
Høgd 150 m
Tidssone
  Ved sommartid
UTC +1 (UTC1)
UTC+2 (UTC)
Nettstad: https://elbasani.gov.al/
Elbasan kommune innafor regionen Elbasan
Elbasan kommune innafor regionen Elbasan
Elbasan kommune innafor regionen Elbasan

Elbasan (albansk Elbasan eller Elbasani) er ein by og ein kommune i Albania, og er administrasjonssenteret til regionen med same namn. Elbasan ligg sentralt i landet ved elva Shkumbin og er ein av dei største byane i Albania med om lag 115 000 innbyggjarar i kommunen (2023). Kommunen, som i nord grensar til regionen Tirana, har eit areal på 872 kvadratkilometer.

Gate i Elbasan

Det var romarane som grunnla byen og bygde festningar her, men det var først på 1600-talet at byen utvikla seg frå ei festning (El Basan), bygd av den tyrkiske sultanen Mehmed II i 1466.

Fram til Den andre verdskrigen var Elbasan ein av dei finaste ottomanske byane i Albania, med ei blanding av bygningar frå Austen og mellomalderen , smale brusteinsgater og ein stor basar der ein framleis kunne høyre tyrkisk. Innanfor bymurane var det eit eige kristent område, i utkanten av byen eit vlacher-distrikt og fleire fine moskear og islamske bygningar. På denne tida var det om lag 15 000 innbyggjarar i byen.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Elbasan vart slått saman med landkommunane Labinot-Fushë, Labinot-Mal, Gjinar, Shushicë, Gjergjan, Funarë, Shirgjan, Tregan, Gracen, Bradashesh, Zavalinë og Papër.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Elbasan.

Tidlegare administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Elbasan hovudstad i distriktet Elbasan.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Elbasan.[2]

KommunaleiningFolketal 2011[4]Folketal 2023[1]
Bradashesh10 7009 375
Elbasan78 70366 834
Funarë2 1221 295
Gjergjan5 1263 634
Gjinar3 4782 133
Gracen2 1921 245
Labinot-Fushë7 0586 299
Labinot-Mal5 2913 666
Papër6 3484 439
Shirgjan7 3075 930
Shushicë8 7317 359
Tregan3 0362 067
Zavalinë1 622825
Kommunen Elbasan 141 714 115 101

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Censusi i popullisë dhe baneshave në Shqipëri 2023: Elbasani» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2024. Henta 16. mars 2025.
  2. 1 2 «Ligj nr. 115/2014: Për ndarjen administrativo-territoriale të njësive të qeverisjes vendore në Republikën e Shqipërisë». Fletorja Zyrtare: Viti 2014 – Numri 137 (på albansk og engelsk). qbz.gov.al. 2013. Henta 12. mars 2025.
  3. «Ndarja administrative-territoriale e vitit 2000» (på albansk). ShtetiWeb. Henta 12. mars 2025.
  4. «Censusi i popullisë dhe baneshave: Elbasan 2011» (PDF) (på albansk og engelsk). Instat: Instituti i statistikes. 2013. Henta 12. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]